Stordata (Big data)

Nyare teknologi opnar for samanstilling av enorme datamengder. Datamengdene er ikkje berre store, men kompliserte i form av ustrukturerte og heterogene data som bilete, video og språk. Det må difor innovative metodar til for å handtera dei. Vi brukar vitskaplege IT-metodar for å utvikla føreseielege modellar som hjelper oss å ta avgjerder.
 
I forskingsarbeidet prøver vi å identifisera kva verdi stordata-metodar kan gi, frå kartlegging av strategisk informasjon til analyse og utnytting av data. I dette arbeidet brukar vi ulike metodar for å «få bukt» med dei store datamengdene og gjennom det få fram ny innsikt.
 
Vi samarbeider med internasjonale partnarar både frå akademia så vel som privat og offentleg sektor. Vi har finansiering både frå nasjonalt og internasjonalt hald i denne forskinga.
 
Dette er nokre av områda innan stordata vi arbeider med:

  • Stordata innan helsesektoren
  • Stordata i beredskapsarbeid
  • Metodar for kunnskapsorganisering (knowledge engineering) og program for organisering, analysering, handtering og gjenbruk av data
  • Dataanalysar innan helse, energi, transport, oppdrett og naudetat-arbeid

 

Publikasjonar

Artiklar