Utarbeiding av strategi for vidareutvikling av Miside og www.norge.no

Prosjekt

Prosjektnr

6118

Tidsrom

05.02.2008 - 09.03.2008

Prosjektleiar

Vestlandsforsking skal i samarbeid med Bouvet AS utarbeida ein strategi for vidareutvikling av nettportalane Miside og www.norge.no. Strategien skal serleg ta omsyn til brukarperspektivet og sjå på samordningsmodellar mellom dei to portalane som i dag er uavhengige av kvarandre. Arbeidet med ny strategi blir bygt opp rundt fleire samlingar med definerte tema og innleiarar. Nokre av dei sentrale tema i strategiarbeidet:

  • Brukarperspektivet - ønskje om meir sjølvbetjening
  • Skreddarsydd og samordna informasjon
  • Brukarane sine kunnskapar om offentlege tenester som ein rett
  • Openheit og innsyn og Miside i eit demokratiperspektiv
  • Nye tenestetypar
  • Samordning av portalane www.norge.no og www.miside.no