Sogn og Fjordane langt framme i klimapolitikken

I mars 2009 vart Fylkesdelplan for klima og miljø vedtatt i fylkestinget med eit overordna mål om at Sogn og Fjordane fylke skal gjere sitt for å nå dei nasjonale måla om å bli klimagassnøytral i 2030. Sogn og Fjordane var mellom dei første fylka i landet til å vedta ein fylkesdelplan på klimaområdet og å utvikle ein metode for systematisk å vurdere om klimamåla blir nådd. Nyleg la Vestlandsforsking fram ein rapport med framlegg til ein slik metode.

Dei største utfordringane når det gjeld å vurdere måloppnåing er: (1) at staten ikkje har klare forventningar til kva norske kommunar skal bidra med i klimapolitikken ut over det å lage planar, og (2) at fylkeskommunen slit med å utforme konkrete nok mål – delvis som ein følgje av (1). Dermed er det vanskeleg å talfeste måloppnåing i planen slik han no ligg føre.

Planen inneheld 43 hovudstrategiar med ei rad tiltak som dekkjer eit breitt spekter av samfunnsområde. Vår analyse viser at eit mindretal av tiltaka i planen vil ha direkte effekt på klimagassutslepp. Under tiltaksområda transport og offentleg verksemd har vi funne nokre tiltak som klart vil ha direkte effekt, t.d. utfasing av fossilt brensel i eigen bygningsmasse og tiltak for å redusere utslepp av metangass. Størstedelen (70%) av til tiltaka i planen vil berre ha ein indirekte effekt. Tiltak med indirekte verknad kan vere like viktige som tiltak med direkte verknad, men effekten er generelt meir usikker. Det er t.d. usikkert i kva grad tiltak for kunnskapsutvikling vil føre til faktisk reduksjon av klimagassutslepp.

Fylket sin klimaplan har eit breiare fokus enn den nasjonale klimapolitikken ved at fylkeskommunen har valt også å ta med mål om å redusere utsleppa som blir utløyst ved nordmenn sitt forbruk av importerte varer og tenester. I dag er denne typen utslepp ikkje omfatta av den nasjonale klimapolitikken. På eit dagsseminar fylkeskommunen arrangerte i samband med høyringa for Fylkesdelplan klima og miljø i Førde den 29.09.2008 rådde statssekretær Heidi Sørensen til at fylkeskommunane ikkje gjekk utanfor grensene som Kyotoprotokollen og den nasjonale klimapolitikken set for kva typar utslepp klimapolitikken skal rettast inn mot. Fylkeskommunen valde ikkje å rette seg etter denne tilrådinga ved altså å inkludere utslepp utløyst av nordmenn sitt forbruk av  importerte varer og tenester.

Rapporten kan lastast ned her: http://www.vestforsk.no/filearchive/vf-rapport-7-2012-korleis-vurdere-effekten-av-ein-regional-klimapolitikk.pdf

Ein lysarkpresentasjon av rapporten kan lastast ned her: http://www.vestforsk.no/filearchive/presentasjon-retningsanalyse-av-regionale-klimagassutslepp.pdf

For meir informasjon kontakt prosjektleiar Eli Heiberg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (482 28 969), forskingsleiar Carlo Aall ved Vestlandsforsking (991 27 222) eller klimarådgjevar Elisabeth Veivåg Helseth ved Sogn og Fjordane fylkeskommune (922 84 041)