Eit indikatorbasert system for retningsanalyse av regionale klimagassutslepp i Sogn og Fjordane

Målet for prosjektet er å styrke kunnskapen om korleis regionale styresmakter kan bidra til arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar knytt til både produksjon og forbruk. Bakgrunnen for prosjektet er fylkesdelplanen for klima og miljø i Sogn og Fjordane som vart vedtatt i fylkestinget i mars 2009. I vedtaket vart det føresett at det skal settast i gang eit prosjekt som skal utvikle eit system for retningsanalyse med klimaindikatorar. Desse indikatorane skal vise utviklinga i utslepp av klimagassar i Sogn og Fjordane for både dei produksjons- og forbruksrelaterte utsleppa. Prosjektet er avgrensa til dei prosessar og verkemiddel som fylkeskommunen kan gjennomføre med utgangspunkt i plan- og bygningslova. Konkret er prosjektet avgrensa til å utvikle eit system for å vurdere måloppnåing av gjeldande Fylkesdelplan for klima og miljø, der måloppnåinga skal gjerast gjennom eit indikatorbasert system for retningsanalyse.

Prosjektomtale (pdf)

Startdato:
Sluttdato:
Finansiert av:
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Prosjektnummer:
6182
Prosjektleiar:
Forskingsleiar
Publikasjon(ar):
Aktuelt:
  • I mars 2009 vart Fylkesdelplan for klima og miljø vedtatt i fylkestinget med eit overordna mål om at Sogn og Fjordane fylke skal gjere sitt for å nå dei nasjonale måla om å bli klimagassnøytral i 2030. Sogn og Fjordane var mellom dei første fylka i landet til å vedta ein fylkesdelplan på klimaområdet og å utvikle ein metode for systematisk å vurdere om klimamåla blir nådd. Nyleg la Vestlandsforsking fram ein rapport med framlegg til ein slik metode.

  • Gjennom eit forskingsprosjekt finansiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune har Vestlandsforsking utvikle eit system for korleis norske fylkeskommunar kan følgje opp fylkeskommunale klimaplanar og vurdere om dei når sine mål og ambisjonar med tanke på reduksjon av klimagassutslepp knytt til både produksjon og forbruk regionalt.

  • Det har vore vanleg praksis å krevje innkjøp av nye bussar når ein ny anbodsperiode for kollektivtransport med buss startar. Nye bussar har vore rekna som meir klimavenlege enn brukte. Ei studie frå Vestlandsforsking syner derimot at ein får mindre samla utslepp av klimagassar om bussar vert brukte i to anbodsperiodar i staden for ein.