Rapporten har tre hovuddelar:
1. Teknisk oppbygging
2. Los-ressursar ved hjelp av web services
3. Eksempel på bruk i portalar
Den første delen tek for seg den tekniske oppbygginga av Los-systemet. Deretter blir det vist korleis ein kan får tilgang til Los-ressursar (struktur, emneord og tilknytte nett-ressursar) via web services utforma etter REST-prinsippet. Til slutt blir det vist ein del eksempel på bruk av Los i portalar. Rapporten har også eit vedlegg med detaljert gjennomgang av alle Los-element.
