Berekraftige destinasjonar. Ein studie av berekraftige destinasjonar som del av styresmaktene sin strategi for berekraftig reiseliv

Rapport
Id:
2016-4

Denne rapporten har analysert pilotprosjektet «Bærekraftige destinasjoner» initiert i regjeringa sin reiselivsstartegi av 2007, og gjennomført av Innovasjon Norge i fire utvalde destinasjonar: Vega, Røros, Trysil og Lærdal. Studien har analysert vilkår og hindringar for vertikal og horisontal integrering av berekraftig reiseliv. Regjeringa sin reiselivspolitikk for å fremje eit berekraftig reiseliv har hatt svak konsistens frå reiselivsstrategien av 2007 til 2012-strategien. Dette har gitt uklare styringssignal om både innhald, vektlegging og prioritering. Pilotdestinasjonane har prioritert den lokale berekrafta framfor den globale. Bedriftsøkonomiske omsyn har vore styrande for i kva grad lokale miljømessige og sosiale omsyn vart vektlagd. Det er som forventa gitt dagens rammevilkår for bedriftene.