Eivind
Brendehaug
tilsett
Stillingstittel:
Forskar
Akademisk tittel:
Ph.d.
Telefon:
Tilsett:
1998

Eivind Brendehaug har ein Ph.d frå Institutt for industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU. Avhandlinga hadde tittelen: «Mobilisering, makt og endring. Ein studie av deltaking i verneplanprosessen for oppretting av Breheimen nasjonalpark». Analysen i avhandlinga var inspirert av Sverre Lysgaard sitt klassiske arbeid, arbeidarkollektivet. Avhandlinga gav han innsikt i vilkår for folkeleg mobilisering for endring, anten det gjeld påverknad av lokale så vel som nasjonale planprosessar. Frå tidlegare har Brendehaug ein mastergrad i landbruksøkonomi frå Universitet for Miljø- og Biovitenskap.

Ved Vestlandsforsking har Brendehaug arbeidd med hindringar i, og utvikling av, verdikjeder for lokale produkt og naturopplevingar. I dei siste åra har han arbeidd mest med forholdet mellom reiselivs- og lokalsamfunnsutvikling, berekraftig reiseliv og verknader av cruiseturisme. Han arbeider no med fleirbruk av utmark i skjeringspunktet mellom lokalsamfunnet sin bruk og turisme, t.d. korleis vandring, stisykling og jakt kan kombinerast. Som del av det regionale reiselivsprogrammet studerer han utfordringane og moglegheitene med stor tilstrøyming av turistar til fjelldestinasjonar, eksempelvis Trolltunga.

Publikasjonar: