Styret si melding 2024
God aktivitet og sentersatsingar i 2024
Vestlandsforsking har i 2024 hatt god og jamn aktivitet på alle dei tre faglege hovudområda Klima og miljø, Reiseliv og Teknologi og samfunn. Instituttet fekk tildelt fleire større prosjekt frå Forskingsrådet, EU og Nordforsk. Styret er nøgd med at fleire prosjekt kjem som eit resultat av auka tverrfagleg samarbeid mellom dei to forskargruppene ved instituttet. Det har òg vore stor aktivitet ved instituttet både når det gjeld vitskapleg publisering og i å formidle frå forskinga til ålmenta, gjennom kronikkar, bidrag til redaksjonelle artiklar i media og med innlegg ved ulike arrangement.
Med endra økonomiske rammevilkår og hardare konkurranse om forskingsmidlar, er styret oppteke av at Vestlandsforsking er best mogleg rusta for framtida. Styret er nøgd med at instituttet har arbeidd godt med det strategiske målet om nye sentersatsingar. Vestlandsforsking har jobba iherdig med å rekruttere partnarar og skaffe finansiering til Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv, og det var særs gledeleg at senteret vart opna i Sogndal rett før jul i fjor. I tillegg har Vestlandsforsking leidd arbeidet med to andre sentersøknader – ein om å bli forskingssenter innan kunstig intelligens og ein sentersøknad til Transport 2050.
Styret har saman med instituttet gjennomført ein prosess med å utforme ein ny strategi for Vestlandsforsking frå 2025. Den nye strategien vart vedteken i styremøtet 6. desember 2024. Styret har lagt stor vekt på å involvere medarbeidarane i prosessen, og ny strategi har vore tema på fleire interne møte og på styreseminaret 3. oktober, der òg dei tilsette ved Vestlandsforsking deltok. Sentralt i den nye strategien blir m.a. å halde fram med sentersatsingar, internasjonalisering og å utvikle brukarretta tenester på område med høg etterspurnad frå næringsliv og offentleg sektor, der Vestlandsforsking kan tilby høg kompetanse.
Sterkt aukande pensjonsutgifter har vore ei utfordring for Vestlandsforsking dei siste åra, og instituttet har i 2024 gjennomført ein prosess for å få på plass ei ny pensjonsordning for medarbeidarane. Styret vedtok ny pensjonsordning frå 1.1.2025 i møtet 29. oktober 2024. Styret er oppteke av at Vestlandsforsking har eit godt og utviklande arbeidsmiljø. Instituttet gjennomførte ei medarbeidarundersøking i 2024. Hovudinntrykket er at medarbeidarane er nøgde med arbeidstilhøva, og at undersøkinga vert følgd opp på ein god måte. Styret konstaterer at Vestlandsforsking ved utgangen av 2024 har ein sunn økonomi, god prosjektaktivitet, og motiverte og dyktige medarbeidarar.