Styret si melding 2022

Stor aktivitet på alle område gjennom heile 2022.

Vestlandsforsking har i 2022 hatt særs høg aktivitet på alle dei tre faglege hovudområda Klima og miljø, Reiseliv, og Teknologi og samfunn. Instituttet har vore koordinator for fleire større, forskingsrådsfinansierte prosjekt. Samstundes fekk Vestlandsforsking tildelt rolla som koordinator for to nye, store prosjekt frå Forskingsrådet i 2022; eit prosjekt om stordata for å avdekke og utvikle tiltak mot hatprat og hatkriminalitet på nettet, og eit prosjekt om klimarisiko knytt til omstilling til fornybar energi. Styret er nøgd med den internasjonale aktiviteten, og at instituttet i 2022 har utarbeidd ein strategi for deltaking i Horisont Europa.

Når det gjeld vitskapleg publisering, har det vore ei jamn og god utvikling. Instituttet nådde med god margin måltalet for publisering i 2022, med 1,34 publikasjonspoeng pr. forskarårsverk. Vestlandsforsking har òg vore aktive i å formidle frå forskinga til ålmenta, gjennom kronikkar, bidrag til redaksjonelle artiklar i media, og ved å halde innlegg ved ei rekkje ulike arrangement.

Vestlandsforsking deltek i fleire lokale og regionale FoU-samarbeid og prosjekt, og har i 2022 levert bidrag i høyringane til ei rekkje regionale planar. Ein av ambisjonane i strategien til Vestlandsforsking, er å utvikle fleire sentersatsingar i tillegg til Noradapt, senter for berekraftig klimatilpassing. På styreseminaret hausten 2022 vart eit senter om berekraftig reiseliv drøfta. Styret er godt nøgd med strategien Vestlandsforsking har laga for denne sentersatsinga, og for måten arbeidet er følgd opp vidare på.

Vestlandsforsking har også i 2022 hatt stor aktivitet knytt til regionale nettverk og prosjekt. Instituttet har ein samarbeidsavtale med Vestland fylkeskommune om å bidra til den regionale planen for næringsutvikling og innovasjon. Instituttet er ein av partnarane i FORREGION Vestland, som i 2022 vart utvida med FORREGION kommune. I tillegg tek instituttet aktivt del i nettverket Horisont Vestland og i E-helse Vestland. Vestlandsforsking har òg etablert kontakt med fleire av hubane i Grøn region Vestland. 

Styret er godt nøgd med den generelle drifta ved instituttet. Arbeidsmiljøkartlegginga, som vart gjennomført i 2022, stadfestar at Vestlandsforsking har eit godt arbeidsmiljø. Fleire rekrutteringsprosessar syner at Vestlandsforsking er ein populær arbeidsstad. Instituttet har levert eit godt økonomisk resultat for 2022, som gir rom for viktige satsingar dei komande åra.

 

STYRET 2022

Styret utanfor Vite Meir
Styret 2022

Medlemmer

Silja Ekeland Bjørkly, leiar 

Kristin Rundsveen Bøtun, nestleiar 

Erik Kyrkjebø

Synnøve Aabrekk

Tone Fløtten

Arve Sandal

Hilde G. Corneliussen, tilsettrepresentant

 

Varamedlemmer

Emil Gadolin

Svein Ove Slinde

Kathrin Jakobsen

Kristin Maurstad

Iselin Marstrander

Torbjørn Selseng, for Hilde G. Corneliussen