Store tankar i små bygder? Overlevingsevna blant familiebedrifter i norsk distriktsreiseliv

Id:
Februar 2021
Utgjevar:
NTNU open

I 2021 avla Agnes ein doktorgrad innan rural turisme ved Institutt for geografi på NTNU. Avhandlinga tek for seg korleis gardsturisme og distriktshotell tilpassar seg endringar i reiselivet med særleg vekt på overlevingsevna i familieeigde verksemder.

Hovudtema for avhandlinga er korleis ulike typar familiebedrifter i norsk distriktsreiseliv, gardsturisme og distriktshotell, møter eksterne og interne utfordringar for å sikre bedrifta sin vidare eksistens. Tre artiklar ligg til grunn for avhandlinga: den første artikkelen handlar om norsk gardsturisme og dei to siste artiklane om familieeigde distriktshotell. Det overordna forskingsspørsmålet er: Korleis forstå overlevingsevna til ulike typar familiebedrifter i norsk distriktsreiseliv ved hjelp av omgrepet «family firm resilience»? Kva rolle spelar omgrepet «embeddedness» for å forstå overlevingsevna? Avhandlinga har eit ressursperspektiv. Teoretisk trekker avhandlinga vekslar på omgrep frå forsking på turisme og resiliens, på familiebedrifter generelt, meir spesifikt ved bruk av omgrepet «family firm resilience». I tillegg vert bruken av ressursar i den rurale konteksten, bygdesamfunnet, teoretisert ved å ta i bruk ulike forståingar av omgrepet «embeddedness», frå forskingsfeltet ruralt entreprenørskap. Metodologisk har avhandlinga eit kvalitativt forskingsdesign og er basert på djupneintervju med tilbydarsida i norsk distriktsreiseliv. Eigarane av gardsturisme-bedrifter er intervjua, medan intervju av to generasjonar hotelleigarar ligg til grunn for hotellstudien. Hovudkonklusjonane er at bedriftene i hovudsak trekker vekslar på menneskelege og sosiale ressursar i eigarfamiliane, men dei trekker også vekslar på ressursar som ligg utanfor sjølve eigarfamiliane: menneskelege, sosiale, fysiske og immaterielle ressursar på gardsbruka og i bygdene der bedriftene er lokaliserte. Funna viser dermed at overlevingsevna (family firm resilience) til familiebedriftene ikkje vert sikra gjennom familiekapital aleine, men at familiebedriftene også trekker vekslar på ulike måtar å vere sosialt og stadleg integrert i lokalsamfunnet på. Konklusjonen viser også at for begge typane familiebedrifter inneber ein tilstand av balanse (equilibrium); Både å oppretthalde konkurranseevna til turistbedrifta og å balansere omsyna mellom familie og bedrifta. Samtidig er det ein vesentleg skilnad mellom bedriftene når det gjeld motiv og målsetting, noko som kjem til syne ved at gardsturisme-bedriftene reduserer turistaktivitetane dersom det oppstår interessekonflikter mellom omsynet til familie og til bedrift. I distriktshotella er det eigarfamiliane sine behov som må vike for bedrifta sine.