Begrepsapparat for reiselivet

Rapport
Id:
2011-9

I denne forprosjektrapporten er det skissert forslag til utvikling av eit felles begrepsapparat med utgangspunkt i tellUs sine eksisterande kategoriar. Begrepsapparatet omfattar den tematiske delen av reiselivsinformasjonen, ikkje andre dimensjonar som t.d. geografi, tid m.m.

Forslaget byggjer på å erstatta dagens hierarkiske kategorisystem med emneord. Hierarkiet vil ikkje bli borte, men det er emneorda som vil stå i sentrum, den tematiske strukturen over emneorda er sekundær. Til emneorda føreslår vi å kopla hjelpeord for lettare å navigera seg fram til korrekt emneord. Hjelpeorda vil vera til hjelp både for dei som legg inn informasjon, og for sluttbrukarane i søkesamanheng.

Vi føreslår vidare at emneorda blir publiserte i ”nett-skya”, lett tilgjengeleg for alle som vil bruka dei. Emneorda må kontrollerast og ha eit system for jamleg vedlikehald (= kontrollert vokabular), medan hjelpeorda er friare og bør kunna leggjast til av alle som ønskjer det.

Dette blir det første, viktige steget i ei utvikling mot lenka data (Linked Data). Men for å realisera lenka data, må også informasjonsressursane emneorda blir knytte opp mot, publiserast ope. Det blir ei naturleg vidareføring når det kontrollerte vokabularet er på plass. Til saman vil dette bli viktige byggjesteinar i etableringa av eit digitalt økosystem for reiselivet.