Personale, utvikling og kompetanse

Det vart utført litt over 30 årsverk ved instituttet i 2022. Ved utgangen av året hadde vi 37 tilsette, 33 forskarar og fire administrativt tilsette.
Ved utgangen av 2022 var det 20 tilsette ved instituttet med doktorgradskompetanse (seniorforskar). Fem av desse har professorkompetanse (leiande seniorforskar). Vi har mål om at 50 prosent av forskarane har doktorgrad og vi er godt over måltalet. Ein stipendiat har levert doktorgradsavhandling og ventar på dato for disputas, medan vi ved utgangen av 2022 hadde tre nye stipendiatar. Vi har styrka administrasjonen ved instituttet ved å tilsette prosjektrådgjevar heilt på slutten av året. Kvinner utgjer 51 prosent av forskarstaben og 53 prosent av dei tilsette ved Vestlandsforsking. Turnover er 5,71 prosent og vi ynskjer å ligge under 10 prosent. Det er eit internasjonalt arbeidsmiljø ved instituttet, med forskarar av ei rekkje ulike nasjonalitetar, som India, Vietnam, Polen, Iran, Danmark og Sverige.
Vi har i 2022 arbeidd med å forbetre og oppdatere fleire interne rutinar. Mellom anna har vi laga ein livsfasepolitikk og rekruttere og behalde strategi. Dette blei gjennomført som interne prosjekt og i tillegg har vi hatt seminar og andre aktivitetar som ledd i instituttet sitt eige utviklingsarbeid. Desse har både fagleg karakter og karakter av system- og instituttutvikling.
Vestlandsforsking har i 2022 hatt eit sjukefråvær på 4,76 prosent. Instituttet arbeider for eit godt arbeidsmiljø og for å førebygge sjukefråvær gjennom HMS- og IA-arbeid, internseminar og rask oppfølging ved sjukdom. Vi skal vere ein arbeidsplass der medarbeidarane har rom for utvikling av seg sjølve og kollegiet til beste for instituttet og i tråd med intern kompetanseplan og likestillingsplan. Det er eit mål å legge til rette for at ein kan kombinere ei forskarkarriere ved instituttet med familieliv, på ein god måte.
Tilsette ved utgangen av 2022
Teknologi- og samfunnsgruppa
Agnes I. Brudvik Engeset, seniorforskar
Anna Maria Urbaniak-Brekke, seniorforskar
Bjørn-Christian Weinback, stipendiat
Bård Huseby, forskar
Daniel Furberg, forskar
Gilda Seddighi, seniorforskar
Hilde G. Corneliussen, leiande seniorforskar og forskingsleiar
Hoang Long Nguyen, seniorforskar
Ida Tidemann-Andersen, gruppeleiar
Ivar Petter Grøtte, seniorforskar
Kristin Løseth, seniorforskar
Malin Waage, seniorforskar
Rajendra Akerkar, leiande seniorforskar
Svein Ølnes, seniorforskar
Øyvind Heimset Larsen, seniorforskar
Klima- og miljøgruppa
Carlo Aall, leiande seniorforskar
Eivind Andre Brendehaug, seniorforskar
Fredrik Moltu Johnsen, seniorforskar
Halvor Johannes Dannevig, leiande seniorforskar og forskingsleiar
Hans Jakob Walnum, gruppeleiar
Idun Anderssen Husabø, forskar og kommunikasjonsansvarleg
Irmelin Gram-Hanssen, seniorforskar
Karen R. Moberg, stipendiat
Kyrre Groven, seniorforskar
Mari Hanssen Korsbrekke, seniorfordskar
Marta Karoline Jansen, forskar
Morten Simonsen, forskar og pensjonist frå august-22
Ragnhild Freng Dale, seniorforskar
Stefan Gössling, forskingskoordinator
Synnøve Støverud Beitnes, forskar
Tara Botnen Holm, stipendiat
Tone Rusdal, forskar
Torbjørn Selseng, forskar
Torunn G. Hønsi, seniorforskar
Administrasjonen
Anne Karin Hamre, direktør
Silje Vatlestad, økonomiansvarleg (i permisjon)
Monica Brugrand, HR-ansvarleg
Geir Olav Haugen, prosjektrådgjevar