Innlegg om usikkerheit og tryggleik på forskingsdagane

Arbeidarar som jobbar med grøn og digital omstilling opplever stor usikkerheit om deira framtidige arbeidsliv. Det sa seniorforskar Joaquin Zenteno Hopp under eit foredrag på høgskulebiblioteket i førre veke.
Forskarane i prosjektet Just Transform har sett på korleis den grøne og digitale omstillinga spelar saman og påverkar arbeidarar som jobbar med utviklinga av nye løysingar og teknologiar innan det grøne skiftet. Joaquin Zenteno Hopp, som er ein av forskarane i prosjektet, trakk fram at endringar skjer fort i den digitale utviklinga, noko som gjer at arbeidarar er nøydd til å konstant spekulere om framtida. Ein utfordring for mange er ei kjensle av at ein må fornya seg konstant for å behalde jobben på sikt.
Også den grøne omstillinga fordrar at arbeidarane evaluerer seg sjølv kontinuerleg. Her er verdiar særleg viktige i utviklinga, og kva som blir sett på som ein god og dårleg verdi kan fort endre seg. På den eine sida er det tydeleg at bedriftene ynskjer arbeidarar som tek omsyn til miljøet, men samstundes vert innsatsen deira målt ut frå kor mykje dei bidreg til å styrke bedrifta økonomisk. Dette skapar ein form for motsetnad i systemet som forvirrar mange arbeidarar om kva som eigentleg forventast av dei og kva dei bør jobbe med å utvikle seg i på lang sikt. Det er også stor usikkerheit om kva slags teknologiar som vil lukkast med å skalerast opp og bli viktige næringar i tida framover.
Krysspress
Samla sett gjer desse to utfordringane at dei som arbeider i bransjar som er prega av begge dei nemnde omstillingane opplever stor usikkerheit om deira faglege ferdigheiter og kompetanse. Forskarane har intervjua over 30 arbeidarar i ulike delar av næringslivet som er prega av rivande utvikling. Felles for alle som blei intervjua var ein mangel på sjølvsikkerheit og at dei opplevde usikkerheit om eigne moglegheiter. Mange opplev ein grad av «impostor syndrome», altså ei konstant kjensle av at alle andre veit kva dei driv på med, medan ein sjølv berre rir med på lasset og latar som at ein gjer noko nyttig. Hopp fortel at mange arbeidarar opplever eit press, som kjem av kombinasjonen av forventningar som er skapt av systemet og korleis mange arbeidarar reagerer på desse forventningane. Forskaren er uroa for den mentale helsa til arbeidarar som står i dette presset over lengre tid.
Kva treng framtidas studentar?
Ein nysgjerrig tilskodar spurde etter foredraget om kva studentar bør lære for at dei skal vere best mogleg rusta for framtidas arbeidsmarknad. Hopp svarte at framtidas arbeidsliv truleg vil ha bruk for mange brubyggjarar, som kan arbeide på tvers av sektorar og er gode til ta i bruk nye typar verktøy. Han sa òg at studentar bør trenast i vere kreative, og ha ei evne til å omstille seg raskt.
«utdanningsinstitusjonar burde ruste studentane til å handtere usikkerheit i dagens arbeidsliv, og utvikle evna til å prioritere og akseptere seg sjølv på en profesjonell måte» fortsette forskaren. Med «profesjonell» meinte han å ta i bruk anerkjente psykologiske verktøy som ein veit fungerer – til dømes metodar som nyttast av idrettsutøvarar eller militærpersonell. Framtidas arbeidsmarknad vil sannsynlegvis vere endå meir prega av ein overflod av informasjon, etiske perspektiv og spesialiseringsmoglegheiter, noko som kan vere svært forvirrande for dei unge. Hopp spår at robustheit blir ein nøkkel for å lukkast med å arbeide i det grøne skiftet.
Mange aktivitetar på forskingsdagane

Vestlandsforsking var også til stades på forskingsdagane på ViteMeir. Også her heldt Hopp eit innlegg, denne gangen om vald og tryggleik i El Salvador. Carlo Aall følgde opp med å fortelje om korleis ein må byrje å sjå nøyare på verstefallsscenario i klimaforskinga, som følgje av ei global svekking av innsatsen og ambisjonane om å kutte klimagassutslepp. Eit slikt verstefallsscenario er om Golfstraumen skulle kollapse. Det er liten tvil om at konsekvensane av å miste Golfstraumen vil vere katastrofale for livet i Norden - utan Golfstraumen vil temperaturane likne på dei i det nordlege Alaska. Dette har lenge vore sett som svært usannsynleg, men nyare forsking synar at det ikkje lenger er eit like utenkjeleg scenario. Nye naturvitskaplege modellar gir eit tosifra sannsyn for at Golfstraumen kollapsar, sjølv om dette er usikre tal.
«Du køyrer ikkje på den gale sida av vegen rundt ein sving viss du veit at det er 10-15-20 prosent sjanse for å møte ein bil» følgde Aall opp. Når dei høgt dramatiske verstefallsscenarioa, som tidlegare var rekna som høgst usannsynlege ikkje lenger er fullt så usannsynlege, då må vi for alvor omstille oss for å unngå dei verste konsekvensane.