Flyttar til nye, flotte lokale - og ser etter leigetakar

Vestlandsforsking flyttar, men skal ikkje langt vekk frå sine tidlegare lokale. Ved månadsskiftet er forskingsinstituttet på veg inn i nye, flotte lokale i Svingen. Der er det òg plass til fleire enn Vestlandsforsking. Instituttet framleiger den aller finaste delen av lokalet, med plass til inntil 12 personar.
- Dette blir verkeleg bra, smiler direktør Anne Karin Hamre.
Heilt sidan slutten av 1990-åra har Vestlandsforsking halde til i eit tilbygg til Sognahallen, den innandørs fotballhallen på campus. Men etter alle desse åra ønskjer instituttet seg nye omgjevnader.

Svaret blei den nye toppetasjen i det ombygde Svingen-bygget på campus. Også det er plassert på kortsida av eit fotballanlegg, inntil sjølve Fosshaugane stadion, heimebana til Sogndal Fotball. Bygget har fått ei grundig overhaling og er no eit lyst og lekkert kontorbygg med fire etasjar.
- Vi gler oss, seier Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking. Ho har lagt ned mange timar saman med mellom anna huseigaren, arkitektar, kollegaer og fagfolk hos den nye kontornaboen, Norconsult, for å planlegge og utforme lokala. I prosessen rådførte huskomiteen ved Vestlandsforsking seg med jamne mellomrom for at lokala skulle passe til dei tilsette sine behov og for å sikre at miljømessig berekraft stod høgt på prioriteringslista.
- Lokala er framtidsretta, lyse og har høg berekraftprofil, seier Hamre. Mykje av bygget er i massivtre, ikkje minst den imponerande trappa i inngangspartiet.

Instituttet held òg fast på prinsippa om berekraft og gjenbruk når dei flyttar.
- Vi gjenbrukar kontormøblane våre og kjøper lite nytt inventar, seier Hamre.
Flotte lokale til framleige
Vestlandsforsking får nye naboar i etasjen under, der Norconsult flyttar inn. Direktøren håpar den nye nærleiken kan utløyse meir samarbeid, mellom anna knytt til areal-tematikk, som både Norconsult og Vestlandsforsking jobbar mykje med.
I tillegg sit Vestlandsforsking på ein liten skatt av eit kontorlokale i som skal framleigast. Lokala har store vindauge mot Sogndalsfjøra og er på til saman 86 kvadratmeter, med inntil 12 kontorplassar. Kjøken, bad og andre fasilitetar er like i nærleiken. Kven dei heldige leigetakarane blir, er framleis ope.
- Dette må vere dei finaste lokala i Sogndal, seier Hamre. Ho oppmodar alle som kan vere interesserte i kontorlokala om å ta kontakt.