Dante og Synnøve frontar instituttet i rekrutteringsfilmar

Forskar i rekrutteringsfilm, sit på kaffibar

To av dei yngre tilsette, Dante Della Vella og Synnøve S. Beitnes, gir Vestlandsforsking eit ansikt i to nye videoar.
– Vestlandsforsking har stor aktivitet på mange ulike område, og det kan vere vanskeleg for potensielle søkjarar å få eit inntrykk av kva som skjuler seg bak tema og prosjektnamn. Vi vil gjerne frå fram litt meir av kven vi er, seier direktør Anne Karin Hamre.

Dante Della Vella representerer eit forskingsområde som har fått mykje merksemd i media dei siste åra: kunstig intelligens. I filmen Vestlandsforsking har fått laga, snakkar han om korleis forskarane håpar å kunne stoppe hatprat og netthets ved hjelp av kunstig intelligens og kombinasjonar av nye teknologiar. 

Dante kjem frå Cleveland, Ohio og har vore tilsett ved Vestlandsforsking i to år.

Forskar på vingard i Sogn med bonden

Klima og jordbruk

Synnøve S. Beitnes er den andre portretterte forskaren. Ho frontar forskinga på klima og miljø, der fleire av forskingsprosjekta knyter seg til landbruk og klima. Synnøve er geograf og odelsjente og skreiv masteroppgåve om korleis bønder i Lom kom seg gjennom tørkesommaren 2018 - ein problematikk det vil bli meir av i åra framover. 

Forskar i film-skjermdump

Ho har òg jobba med korleis konsekvensar av klimaendringar forplantar seg over landegrenser og fører til problemar ein heilt annan stad. Dette er òg ei aktuell problemstilling i norsk landbruk, som er avhengig av mellom anna kraftfôr frå andre delar av verda. I filmen besøker ho vinbonde Bjørn Bergum på Slinde for å oppsummere biletet når det gjeld klimaendringar og norsk landbruk.

Det er frilansjournalist Eli Strand frå Leikanger som har laga dei to videoane, som i hovudsak har rekruttering som føremål. 

Direktør Anne Karin Hamre understrekar at sjølv om det ikkje ligg ute ledige stillingar akkurat no, er Vestlandsforsking alltid interessert i å få inn opne søknader frå folk som har dei rette kvalifikasjonane og kan tenke seg ein kvardag som forskar i Sogndal.

Du kan sjå filmane her