Miniseminar om Regionalpark på norsk
Dato:
15.11.2006
I Aurland og Valdres vert det arbeidd med å utvikle og implementere regionalpark-konseptet som overordna strategi for å gjere ivaretaking av natur- og kulturarv som ein motor i nærings- og samfunnsutvikling. Miljøverndepartemnetet er også i gang med å kartlegge kva regionalpark kan bety i ein norsk samanheng. Andre aktørar er i gang med arbeid som kan spele saman med desse utviklingsinitiativa, m.a. retta mot Verdsarvområda Geirangerfjorden, Nærøyfjorden og Vega-øyane. Miniseminaret skal kaste lys over desse prosessane og fokusere på korleis forskinga kan bidra.
Måndag 2. juli kl. 12-14 på Vestlandsforsking
Seminaret er ope for alle interesserte.
Program:
- Modellar for regionalparkar på kontinentet, innleiing ved Kristian Bjørnstad, doktorgradstud. ved Universität Oldenburg
- Føreløpige funn frå følgeforsking av verneprosessar i Sogn, ved Eivind Brendehaug, doktorgradstud. VF/NTNU
- Regionalpark på norsk, ved Morten Clemetsen, leier av Aurland NAturverkstad
Spørsmål og drøfting