Ny bok: Intelligent Technologies for Web Applications

Internett har vorte ein integrert del av livet vårt, men likevel er samhandlinga vår med nettet gjennom web-en prega av ganske ordinære grensesnitt, noko som gjer samhandlinga mekanisk, omstendeleg og lite menneskeleg.
Intelligent Technologies for Web Applications fyller eit tomrom i litteraturen ved å vera ei av dei første bøkene som gir både ei grunnleggjande innføring for nybegynnarar og avanserte råd til forskarar på området intelligente web-system (web intelligence).
Boka dekkjer teknologi frå ulike forskingsområde som
• Natuleg språk-prosessering
• Informasjonsuttrekk, gjenfinning og filtrering
• Kunnskapsrepresentasjon og -handtering
• Maskin-læring
• Databasar
• Data-, web- og tekstmining
• Menneske-maskin-interaksjon (HCI)
• Semantisk web-teknologiar