Næringsseminar tysdag 18. november
Høgskulen i Sogn og Fjordane og VRI 3 ved Vestlandsforsking inviterar til næringsseminar tysdag 18.november. Seminaret er ope for alle.
Stad: Fossbygget, rom F300, 3. etasje, Sogndal
Tid: tysdag 18. november kl 12.00 - 17.00
PROGRAM
12.00-12.20: Bedrifter på stands
12.25-12.35: Velkommen ved dekan for avdeling samfunnsfag, Anne-Grethe Naustdal og instituttleiar Leif Longvanes
12.40-13.00: «Lønsemd i overnattingssektoren» av dagleg leiar av Vesterland Feriepark, Arne Glenn Flåten
13.05-13.25: «Reiseliv og lønsemd, sett med brillene til samfunnsutviklarane» av direktør for næring i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Heggheim
13.30-13.50: «Korleis legge til rette for lønsemd i reiselivet?» av reiselivsdirektør i Innovasjon Norge, Per Arne Tuftin
13.55-14.25: «Beitostølen -fra vintersportsstad til helårsdestinasjon» av adm. direktør på Beitostølen Resort, Atle Hovi
14.30-15.00: Pause
15.00-15.15: «Samhandling for auka innovasjon og verdiskaping i Sogn og Fjordane» av direktør Merete Lunde, Vestlandsforsking
15.20-15.50:«Show me the money» av grunder og dagleg leiar av Did Adventure, Didrik Ose
15.55 - 16.25: «Er det mogeleg å tjene pengar på kortreist mat?» av eigar og dagleg leiar av restauranten Hanne på Høyden, Hanne Frosta
16.30-16-50: «Volumtilvekst eller optimering av den norske marknaden» av hotelleigar og forskar Vestlandsforsking, Bård Huseby