Dette er Vestlandsforsking 2022

Vestlandsforsking er eit forskingsinstitutt som utfører tverrfagleg og bruksretta forsking på regionalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Ved instituttet er det 37 tilsette, og kontorlokala ligg ved Campus Sogndal på Fosshaugane. Instituttet har ein tverrfagleg profil og har tre hovudforskingsområde: klima og miljø, reiseliv og teknologi og samfunn. Instituttet har ein lang tradisjon for internasjonalt forskingssamarbeid, og forskinga er godt forankra i regionen.

Overordna mål

Vestlandsforsking skal vere eit sjølvstendig, regionalt forskingsinstitutt med base i Sogndal og forankring i Vestland. I samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale fagmiljø skal instituttet levere forsking av høg kvalitet som svarar på samfunnsutfordringar og bidreg til berekraftig utvikling.

Visjon

Banebrytande kunnskap for eit berekraftig samfunn

Finansiering

Prosjektinntektene finansierer den ordinære drifta i Vestlandsforsking. Tilskot i form av grunnløyvingar blir nytta til fagleg utvikling, kvalitetssikring, nettverksbygging og prosjektutvikling. Ved etableringa av stiftinga 13. mars 1985, ved Sogn og Fjordane fylkeskommune, gjekk fylkeskommunen, Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket inn med eit grunnfond på 4 mill. kr.

Instituttet er organisert som ei stifting og blir leia av eit styre samansett av sju medlemmer. Vestland fylkeskommune vel fleirtalet av desse. I 2022 var Silja Ekeland Bjørkly styreleiar. Direktør Anne Karin Hamre utførte den daglege leiinga av instituttet. To forskingsleiarar og to administrative gruppeleiarar er del av leiargruppa.

Kvalitetssikring

Kvalitetssikring skjer gjennom fagleg rettleiing og kontroll, og ved eit eige internt system for kvalitetssikring av prosjektgjennomføringa.

Organisering

Org kart

Strategi 2021– 2025

Vestlandsforsking vedtok strategi for perioden 2021–2025 i styremøtet 11. desember 2020. Strategien består av eit hovudmål og tre delmål med tilhøyrande utdjupingar og målsetjingar.

Hovudmål:

Vestlandsforsking skal vere eit sjølvstendig, regionalt forskingsinstitutt med base i Sogndal og forankra i Vestland. I samarbeid med regionale, nasjonale og internasjonale fagmiljø skal instituttet levere banebrytande forsking av høg kvalitet som svarar på samfunnsutfordringar og bidreg til berekraftig utvikling.

Hovudmålet skal realiserast gjennom følgjande tre delmål:

  1. Samfunnsrelevant forsking og formidling
  • Forske på regionale, nasjonale og globale samfunnsutfordringar og utvikle løysingar i samarbeid med offentleg forvalting, næringsliv og sivilsamfunn
  • Gjere forskinga synleg for ålmenta, oppdragsgjevarar og forskingsmiljø gjennom populærvitskapleg forskingsformidling, vitskapleg publisering og aktiv deltaking i samfunnsdebatten
  • Styrke omdømme og nettverk gjennom å dele kunnskap og idéar
  1. Sterkt og konkurransedyktig fagmiljø
  • Utføre forsking med høg vitskapeleg kvalitet
  • Bygge og vedlikehalde sterke, tverrfaglege forskingsmiljø
  • Delta i faglege og administrative samarbeid både regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  1. Attraktivt og mangfaldig arbeidsmiljø
  • Vere den mest attraktive og inkluderande arbeidsplassen for forskarar i regionen, der alle medarbeidarar kjenner seg verdsette og opplever meistring og utvikling
  • Arbeide systematisk for å sikre likeverd, mangfald og god kjønnsbalanse
  • Tilby gode, fleksible og konkurransedyktige arbeidsvilkår

Strategiane er styrande for årleg budsjettprioritering og skal vere attkjennande i alle delar av verksemda.

 

2022 – eit aktivt år for Vestlandsforsking

Vi har lagt bak oss eit år med særs høg aktivitet på forskingsfronten. Vestlandsforsking har vore koordinator for fleire større, forskingsrådsfinansierte prosjekt. Noradapt – Norsk

VF direktør
Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking og leiar for Fokus-institutta. Foto: Monica Brugrand

senter for berekraftig klimatilpassing, som vi leiar saman med sju andre samarbeidspartnarar, har hatt rekordhøg aktivitet. Vi har òg hatt stor aktivitet knytt til prosjektutvikling og søknadsskriving til regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt.

Vi har òg hatt stor merksemd på kompetanse- og organisasjonsutvikling. Vi lyste ut eit internt kvalifiserings- og publiseringsstipend, som gjorde at to forskarar fekk midlar til publiseringsarbeid og ein til å starte eit doktorgradsarbeid innan klimatilpassing. Vi etablerte og har arbeidd med prosjektet Berekraft i VF, som både handlar om å gjere berekraftsarbeidet vårt meir synleg for omverda, og om at vår eiga drift skal bli meir berekraftig. Vi har utvikla livsfasepolitikk og laga ein rekruttere- og behalde-strategi.

Auka aktivitet har medført at vi har rekruttert fleire nye medarbeidarar i året som har gått, ein ph.d-stipendiat og ein seniorforskar innan stordata, ein seniorforskar innan klimaomstilling, og ein seniorforskar innan reiseliv. Hilde G. Corneliussen tok over som forskingsleiar i Teknologi- og samfunn-gruppa 1. mars 2022. Det er alltid ei glede å ønskje nye medarbeidarar velkomen, og å oppleve at dei bidreg godt til arbeidsfellesskapen, både fagleg og sosialt.

Sogndal, 31. mars 2023

Anne Karin Hamre, direktør