Arbeidsverkstad om grenseoverskridande klimarisiko og husdyrproduksjon i Sogn

Lærdal

Korleis ser grenseoverskridande klimarisiko ut hjå bonden i Indre Sogn?

29. august samla me eit knippe gardbrukarar, rådgjevarar og forskarar for eit djupdykk i denne problemstillinga på Borgund i Lærdal. Gjennom dagen skisserte me opp tre scenario for framtidas jordbruk i regionen. For å strukturere samtalen lente vi oss på metodikken for tre sfærar for transformasjon, utvikla av Karen O'Brien m.fl.

Scenario 1: Business as usual. Korleis trur me jordbruket vil utvikle seg med dagens politikk?

Scanario 2: Lokal klimarisiko. Korleis trur me klimaendringane lokalt kan ha innverknad på jordbruket, og kva for tilpassingar trengs?

Scenario 3: Grenseoverskridande klimarisiko. Korleis trur me klimaendringar i andre land indirekte kan ha innverknad på jordbruk og matvaresikkerheit i Noreg? Kva trengs av klimatilpassingar opp mot denne forma for klimarisiko?

 

Workshop in Lærdal, august  29th 2023