Han er Vestlandsforsking sin første prosjektrådgjevar: – Trivst med å gjere andre gode

ung mann står ute i jakke og ser mot kamera
Geir Olav Haugen hentar det meste av erfaringa si med forskingsadministrasjon frå Institutt for samfunnsmedisin ved UiT - Norges arktiske universitet i Tromsø. Sjølv om fagmiljøet hans i Sogndal er langt mindre, er det ikkje lange gåturen frå Vestlandsforsking sine lokale til Høgskulen på Vestlandet, der det finst eit større administrativt miljø å trekke vekslar på. Foto: Idun A. Husabø

Med Geir Olav Haugen får Vestlandsforsking ei etterspurd spesialisering i administrasjonen: ein forskarane kan vende seg til for å få hjelp med økonomi og rapportering i dei enkelte prosjekta.

– Folk får gjere det dei er gode på og får til, smiler Geir Olav Haugen. Så enkelt kan ein i grunnen oppsummere kva det betyr for forskarane ved Vestlandsforsking å få ein kollega med hans kompetanse. Ein å spørje når prosjekt-rekneskapen ikkje går opp eller når ein strevar med timeprisar i andre valutaer og system.

Det kan høyrast greitt ut å skulle leie eit prosjekt. Dei fleste forskarar med nokre års erfaring, har òg hatt denne rolla og takla spesialiserte problemstillingar som best dei kunne. Problemet ligg i å få tid til alt som følgjer med av rapportering og rekneskapar, og til å setje seg inn i korleis dei ulike oppdragsgjevarane vil ha det. Kvar har sine rutinar, fristar og digitale plattformer, og ofte hastar ting mest når ein verkeleg ikkje har tid. Særleg EU-finansierte prosjekt har ord på seg for å krevje mykje av den som leier prosjektet.

Dei fleste som forskar vil mykje heller bruke tida si på å gjere intervju, møte prosjektpartnarar eller skrive om funna sine.

tindar med snø i nordnorsk landskap, skigåar ber skia sine oppover
Frå ein maidag i Lyngen på veg mot fjellet Jiehkkevarri. Foto: Leif Trønnes

At det då finst slike som Geir Olav, som ikkje har noko imot å knekke økonomisk-administrative nøtter, inneber difor at mange vil sove betre om natta. Sjølv om han i byrjinga vikarierer for økonomiansvarleg Silje Vatlestad, er planen på lengre sikt at organisasjonen har både ein økonomiansvarleg og ein prosjektrådgjevar.

Erfaring frå Tromsø

Det var ved Universitetet i Tromsø Geir Olav først tok til å jobbe med forskingsadministrasjon. Utstyrt med ein master i økonomi og administrasjon, byrja han i ei stilling ved Det helsevitenskapelige fakultet. Der følgde han først opp økonomistyringa ved eitt av dei ni institutta, Institutt for samfunnsmedisin, og jobba seinare som prosjektøkonom.

– Prosjekta handla oftast om tema ein kunne relatere seg til og forstå, som kreftsjukdom eller hjarte-karsjukdomar, fortel Geir Olav.

Vanlege oppdragsgjevarar for prosjekta han følgde opp var Noregs forskingsråd, EU, Kreftforeningen og Helse Nord. For å spe på med kompetanse, tok han eit studium i prosjektleiing på sida. Etter kvart fekk han ei viss mengdetrening i å administrere prosjekt – noko mange forskarar sikkert kunne ha ønskt seg, om dei berre hadde hatt tid.

Sprek, men kvardagslat

At Geir Olav landa på å bu i Sogndal, handlar mykje om at han såg ein mogelegheit og greip den.  Han veit å setje pris på naturen rundt bygda.

– Å kunne gå på ski, sykle og springe ute i fin natur er ein viktig trivselsfaktor, medgir Geir Olav.

I Tromsø brukte han fjella flittig. Det vart toppturar i Lyngen i mai og juni, skiturar i midnattssol, frikøyring og teltliv.

I seinare tid har han òg fått smaken på å springe langt i høgfjellet. Nyleg deltok han i eit løp frå Kaupanger og heilt til Skjolden, inst i Lustrafjorden. Deltakarane sprang for det meste på stiar i fjellet.

Denne grenselause fjell-energien betyr derimot ikkje at Geir Olav kastar vekk krefter på unødig kvardagsaktivitet. Han har alt innarbeidd ein fiffig morgonrutine som sparar han for dei fleste av høgdemetrane på turen frå Stedjeflaten til Vestlandsforsking sine lokale. Når han har kryssa brua frå vestsida av Sogndalselvi, spaserer han inn i Høgskulebygget, der han tek heisen opp frå første til femte etasje og kjem usveitt ut ved kantina, klar for dei siste hundre metrane bort til Vestlandsforsking sitt inngangsparti.

Telting i villmark

I Tromsø hadde Geir Olav det fint og sosialt gjennom fem år. Det var lett å kome inn i eit miljø, og ei mørke vintrane plaga han ikkje nemneverdig, i alle fall vart han gradvis vand til månadene med tussmørke.

VF gjengen
Skamtind i Tromsø i midnattssol. Foto: Thea Øvregard Røhme

– Sesongvariasjonane var spektakulære, understrekar han.

Midnattssol og nordlys sette òg ein spiss på tilværet. Ei utveksling til solrike Sydney under masterstudiane gjorde likevel godt. Dette året fekk han òg utforska natur som har lite til felles med heimtraktene i Luster.

Det året blei det òg mykje reising, både i Asia, New Zealand og Australia.

Mellom anna reiste ein gjeng på rundt 15 personar på ein roadtrip gjennom Australia, frå nordkysten og inn til midten, langt utanfor allfarveg. Å telte i villmarka, blant giftige edderkoppar og australske dyr, gjekk overraskande bra, men det sjokkerande synet av ein slange på fleire meter har festa seg i minnet.

– Vi slo leir like ved, og det gjekk bra, smiler han.

Ein lagspelar

På den tidlegare arbeidsplassen hans sat alle som jobba med å administrere forsking samla i eitt bygg. Rundt seg hadde han altså 50-60 kollegaer med oppgåver som likna på hans.

Ved Vestlandsforsking er både administrasjonen og graden av spesialisering mykje mindre, sjølv om Høgskulen på Vestlandet, med sin store administrasjon, ligg like ved.

Geir Olav er ikkje den som har behov for å stå fremst eller vere synleg. Men han set pris på å bidra til at andre kan gjere det. Når han om rundt eitt år går over frå å styre økonomien ved instituttet til å følgje opp større prosjekt på fast basis, inneber det å frigjere forskarane frå arbeid mange reknar som ein byrde.

– Eg trivst med å gjere andre gode, anten det er kollegaer som leier prosjekt eller er avhengige av den jobben eg gjer, seier han, og legg til at han ser mykje godt arbeid frå kollegaer i forskarstillingar.