Oppdaga Bitcoin og såg seg aldri tilbake

Foto
His great interest in cryptocurrency, blockchain technology, and Bitcoin has led senior researcher Svein Ølnes closer to the realm of economics. In Berlin, 2015.

- Eg er heilt klart oppslukt, innrømmer Svein Ølnes. Det siste tiåret har Bitcoin, blokkjedeteknologi og kryptovaluta fylt det meste av tida til IT-forskaren.

Av Idun A. Husabø

Tekniske framandord hopar seg fort opp for nybyrjarar som vil forstå kryptovaluta og famlar på nettet etter ei forløysande forklaring. Nerdete omgrep som «nøklar», «kryptografi» og «distribuert database» kjem tett.

Men vågar du deg eit steg vidare, og eitt steg til, risikerer du å finne noko som vil endre deg for alltid, meiner Svein Ølnes. For han hende den store omveltinga for om lag 10 år sidan.

Skjønte lite i starten

Ordet «Bitcoin», som no strøymer gjennom tankane hans dagleg, høyrde Svein først på ein tilstelling med kollegane frå Vestlandsforsking. Forskarane skulle brygge øl, og hadde i kjent stil med seg ein ekspert på akkurat det – ein besøkande slektning av Svein. Øl-guruen var òg IT-kyndig, og snakka varmt om det gåtefulle, nye tilskotet til Internett-floraen. Svein lytta høfleg, men let det bli med det.

Først då han fekk ein e-post som utdjupa tipset, tok den samvitsfulle forskaren ein nærare kikk.

– Monopolpengar, tenkte eg. Eg tykte det var interessant, men hadde den same, litt reserverte innstillinga som alle andre. Ikkje skjønte eg noko av teknologien heller, fortel Svein.

Datt i kaninholet

Den Ås-utdanna IT-forskaren har ein fot planta på slektsgarden i Sogndal – der han dyrkar eple og plomer – og ein i akademia. Då han byrja karrieren som forskar i 1996, var Internett i ferd med å finne fotfeste i det offentlege Noreg, og Svein arbeidde særleg med digitalisering i stat og kommune. Som tilskodar til IT-revolusjonen som utfalda i desse åra, hadde han sett nye teknologiar og IT-konsept dukke opp, vekkje stor ståhei, for så å bli erstatta av noko anna. Av erfaring, og kanskje av personlegdom, var han vand til å møte nye fenomen med ei skeptisk og avventande haldning.

Denne gangen var det annleis.

Foto
Svein Ølnes samanliknar det å oppdage og forstå meir av bitcoin med Alice si ferd inn i Eventyrland. Her frå Oxford i 2014.

Svein las meir, og etter kvart skjønte han meir. Det som skjedde, får han i dag til å tenke på Lewis Caroll-figuren Alice si ferd inn i Eventyrland.

 – Det var som å dukke ned i kaninholet og oppdage stadig nye verdenar – den eine leier til den neste – og så aldri komme opp att, ler Svein. Han vart fascinert av korleis teknologien heng saman og faktisk fungerer. Sjølv om han ikkje er «hardcore-teknolog», forstår han nok til å skjøne systemet, som han gjerne forklarer for folk rundt seg, med tilløp til stjerner i auga.

– Di meir du grev, di meir oppdagar du kor stort dette er og kor mykje det rommar.

Ein kjennar

Med åra vart han driven i fleire sider ved teknologien og alt frå det store biletet til detaljar som at Bitcoin skrivast med stor B når ein snakkar om sjølve systemet og med liten b når ein viser til valutaen. I forskingssamanheng tok han gradvis til å tenke på korleis offentlege etatar kunne dra nytte av teknologien. Han innførte bitcoin som betalingsmiddel i vinlotteriet på jobb og demonstrerte eitt år, framfor eit forventningsfullt publikum på Forskingsdagane, ein live-transaksjon i bitcoin.

På fritida blogga og tvitra han, ikkje sjeldan om kryptovaluta. Etter kvart tok han til å meine ting offentleg som forskar om si nye hovudinteresse, først og fremst i Dagens Næringsliv. Der og i redaksjonar som forskning.no blei den formidlingslystne «bitcoin-forskaren» lagt merke til. Svein er til dags dato den einaste ved Vestlandsforsking som har figurert to gonger i Dagens Næringsliv si eksklusive spalte «På nattbordet».

Mystisk opphav

Foto
Ingen veit kven som skapte den første digitale valutaen for litt over eit tiår sidan. (Foto: Michael Wuensch, Pixabay)

Bitcoin er som skapt for å pirre: den førstefødde av digitale valutaer, med eit opphav skjult bak lag på lag av anonymitet. Alt vi veit, er at nokon i august 2008 oppretta domenet bitcoin.org og i oktober same året sende ut ei 8 sider langt dokument til ei lita gruppe IT-kyndige, såkalla cypherpunk-arar. I dokumentet, «Bitcoin – A Peer-to-Peer Electronic Cash System», vart det forklart korleis den digitale valutaen fungerte. Eit grunnleggande trekk var at ingen tredjepart skulle vere inne i biletet i transaksjonar, altså verken bankar eller myndigheiter. Sjølve valutaen, bitcoin, vart lansert 3. januar 2009 av ein som kalla seg Satoshi Nakamoto.

Spekulasjonane rundt opphavet haglar framleis: Er valutaen skapt av verdas skarpaste nerd? Av eit kollektiv under felles pseudonym, slik enkelte trur om litteraturgeniet Shakespeare? Og kva ville den eller dei som stod bak – berre briljere for moro skuld, bli rik eller vende opp-ned på måten verdiar blir overførte? Det finst fleire bøker om personane bak dei digitale valutaene, og Svein er blant dei som tek ivrig for seg, delvis på grunn av mystikken rundt teknologien sitt opphav.

– Eg blir jo fascinert av at nokon har greidd å skape dette og i tillegg forbli anonym. Det går imot alt ein lærer i forsking og elles om å profilere seg sjølv og maksimere nytte. Her er det ein eller ei som sannsynlegvis har skjønt at dei har laga noko ganske unikt og likevel har styrke til å la vere å stå fram, seier Svein.

– Opphavspersonen sit her i tillegg på milliardar i verdiar, men kan ikkje røre det sidan det kan avsløre identiteten, forklarer han.

Evige spor

Foto
Blokkjeda, der alle bitcoin-transaksjonar blir dokumenterte, blir ofte illustrert som ein kjetting - sterk og ubryteleg. (Foto: Pixabay)

Ein teori er at Bitcoin spring ut av frustrasjon over finanskrisa i 2007, då bankar og styresmakter viste kor lite kontroll dei eigentleg hadde. Kanskje var føremålet å vise kor lite bruk vi har for ein tredjepart når to aktørar skal gjennomføre ein transaksjon eller å stake ut ein betre veg for framtida.

Kva Bitcoin har i staden, for å unngå anarki? Jo, den segnomsuste blokk-kjeda, sjølve ryggrada i denne teknologien. Kvar einaste overføring i Bitcoin blir nemleg dokumentert på ein måte som er sikrare enn å hogge i stein – i form av nye blokker i ei milelang kjede som aldri kan forandrast, verken med makt eller list. Det er denne kjeda den såkalla «bitcoin-gravinga» handlar om å sikre, i ein verdsomspennande prosess mange norske politikarar har avskrive som energisløsande tøys.

Foto - graduation i Nicosia
Etter å ha fullført masterstudiet i digitale valutaer, stilte Svein på graduation i Nicosia i 2018 saman med dei noko yngre medstudentane.

Akkurat denne kjeda er det Svein sitt hjarte bankar aller hardast for. Som forskar ser han lovande utsikter til å dra nytte av blokkjeda utanfor finansverda. Sjølv har han publisert vitskaplege artiklar om korleis offentlege verksemder kan dra nytte av teknologien, til dømes for å hindre forfalsking. Var framtidas vitnemål utstyrt med ein kode som viste til blokkjeda, ville det bli umogeleg å sminke CV-en med grader ein ikkje har teke.

Men òg innan økonomi og finans er Svein klar på at framtida må byggjast på bitcoin-teknologien sine skuldrar.

– Vi går mot eit radikalt skifte. Sentralbankane i heile verda spekulerer no på korleis dei kan erstatte dagens kontantar. Når det ein gong skjer, vil det vere ved hjelp av bitcoin-liknande teknologi, slår han fast.

Frå entusiast til ekspert

Med åra fekk blokkjeda stadig oftare innpass i forskingsprosjekta Svein var med i. Han publiserte vitskaplege artiklar om teknologien og melde seg opp som student ved University of Nicosia. Med nettundervisning frå Kypros fullførte han i 2018 ein mastergrad i digitale valutaer. Frå å høyre til innan IT-fag, har han teke eit langt steg inn i økonomi. Han har òg gjort sitt for å dele bodskapen til «krypto-kyrkjelyden» med framtidas økonomar.

Foto
HVL-studentane som møtte fram fysisk til Svein sitt høgskulekurs hausten 2019, var alle jenter. (Foto: Anders Huke, Sogn Avis)

I 2018 utvikla Svein kurset "Bitcoin, blokkjedeteknologi og den digitale økonomien" i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og har undervist i kurset sidan. Studiet er ope og nettbasert. Sjølv om det er retta inn mot bachelorstudentar i økonomi, kan altså eksterne delta, også utan å kome til førelesingsrommet –  i Svein si ånd.

Det første året følgde over 90 personar kurset, truleg fordi kursen på bitcoin nettopp hadde gått til himmels. Det andre året var studenttalet redusert til ein tredjedel.

– Det var ei gledeleg overrasking at eit kurs som kan framstå som litt nerdete, faktisk trekte til seg ein del kvinnelege deltakarar, fortel Svein. Dei fem som følgde kurset i Sogndal var alle jenter.

Foto
På slektsgarden på Barsnes dyrkar Svein eple og plomer - ei sidenæring som fint kan kombinerast med fordjuping i bitcoin-tematikk i form av podcastar. Her frå eplehausting i 2013.

Podcastar i frukthagen

Svein innrømmer gjerne at Bitcoin og kryptovaluta fyller mykje av både arbeidsdagen og fritida hans, slik det har gjort i snart ti år.

– Det er i grunnen slik! Eg høyrer til dømes på podcastar i frukthagen og les bøker om det.

– Kan ein seie at du er litt besett av temaet?

– Eg er heilt klart nokså oppslukt – og då kan det jo vere fare for at ein ikkje stiller seg kritisk nok til emnet ein forskar på. Men der kjem fagfellevurderinga av vitskaplege artiklar inn som eit sunt korrektiv. Du får jo ikkje publisert viss du går heilt av skaftet, smiler han.

 

Høyr podcast-intervju med Svein frå Kryptografen.no

Høyr Svein i podcasten Digital forretningsforståelse

Les kronikken "Bitcoin, energibruk og sterke kjensler" i Nationen