Ny direktør på plass

Direktøren i døra

Anders-Johan Almås er ny direktør ved Vestlandsforsking og hadde første arbeidsdagen denne veka. Han peikar ut tre kvalitetar han spesielt vil jobbe for å bevare og styrke.

– Høg forskarfagleg kvalitet. Gode nettverk både lokalt og internasjonalt. Å bygge og profilere Vestlandsforsking vidare som ei solid merkevare for kundar og andre samarbeidspartnarar, summerer Almås. Han kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i avdelinga for forsking, internasjonalisering og innovasjon ved Høgskulen på Vestlandet.

Almås er svært nøgd med å få leie eit institutt med høg profil innan berekraft. I tillegg har Vestlandsforsking sterke fagområde som verkeleg treff når det gjeld våre store samfunnsutfordringar og -potensial, som klimatilpassing, framtidsretta teknologi og reiseliv. Almås kjenner instituttet gjennom fleire samarbeidsprosjekt dei siste åra, og gler seg til rolla som direktør.

Lære, lytte, handle

Almås har solid erfaring som prosjektleiar for samansette grupper, men rolla som direktør blir heilt ny.
– Først skal eg læra meir om både instituttet og menneska som arbeider her. Det er viktig for meg å lære og lytte mest mogeleg før avgjerder og eventuelle nye tiltak vert sett i verk, seier den ferske direktøren.

Han har utdanning som sivilingeniør, med doktorgrad frå NTNU innan temaet berekraftig klimatilpassing av bygg og anlegg. Han har lang erfaring med prosjektleiing og innovasjonsarbeid, hjå til dømes SINTEF og Multiconsult. Almås avløyser Hans Jakob Walnum, som har vore konstituert direktør etter at Merete Lunde gjekk over i ei stilling hjå Forskingsrådet i mai i år.