Vestlandsforsking kjøper aksjar i Vitensenteret

""
Merete Lunde og Ivar Petter Grøtte

Vestlandsforsking har vore med i arbeidet med etablering av Vitensenteret i Sogn og Fjordane heilt frå idéfasen og vert no ein av eigarane av senteret. Vestlandsforsking kjøper 23 aksjar for totalt 230 000 kroner.

Aktuelt

- Dei som besøker Vitensenteret skal lære ved å eksperimentere sjølve. Auka interesse for realfag og å kunne ta teknologien i bruk vil vere viktig framover, seier Lunde.

Det er næringslivet som har teke initiativ til å etablere Vitensenteret i Sogn og Fjordane, for å skape ein møteplass for både skulane, barnehagane, næringsliv, offentlege etatar, organisasjonar, ålmenta og akademia.

– Det har vore kjekt å vere ein del av prosessen med å etablere Vitensenteret, seier Merete Lunde. Ho har vore med sidan ideen oppsto i 2016, og takkar Tor Arne Ness i Kaupanger Næringsforening for at planane for Vitensenteret allereie er konkretiserte. I november inviterte Vitensenteret aktuelle eigarar til kjøp av aksjar, og no er emisjonen fullteikna.

Tema frå regionen

Eit vitensenter gir eit godt høve til å formidle og vise fram aktuelle tema frå regionen. Idéen er at Vitensenteret i Sogn og Fjordane blir bygd rundt relevante tema som det er viktig for oss å ha kunnskap om her.

– Eit av måla til Vestlandsforsking er å drive forskingsformidling som gir læring og effektar, og dei tre forskingsområda våre innan klima og miljø, reiseliv, og teknologi og samfunn vil alle vere aktuelle for dei planlagde tematiske områda for Vitensenteret. Dei kan summerast opp i «REINT»: Reiseliv, Energi fornybar, Industri og ny teknologi, Næringsmiddel- og matproduksjon og Transport og miljø, seier Merete Lunde.

Skal auke interessa for realfag

Dei regionale vitensentera er eit av tiltaka som er sett i gang i Norge for å auke interessa for og rekrutteringa til matematikk, naturvitskap og teknologi. – Vi treng eit større og breiare rekrutteringsgrunnlag innanfor desse områda også i Sogn og Fjordane, seier forskingsleiar Ivar Petter Grøtte ved Vestlandsforsking. Han har vore med i prosjektarbeidet med det nye vitensenteret.

Vitensentera skal vere eit tilbod for skoleverket og ålmenta i sin region, og dei som besøker senteret skal lære ved å eksperimentere og delta aktivt. Vitensenteret som er planlagt på Kaupanger vil komme heile fylket til nytte i arbeidet med å auke interessa for realfag og teknologi hos både jenter og gutar.

– Dette er ein arena for formidling av forsking, naturvitskap og teknologi, og vil vere ein viktig arena for Vestlandsforsking å vere ein del av og delta på, seier Lunde.

Forretningsmodellen til Vitensenteret i Sogn og Fjordane føreset at senteret også kan vende seg til både turistar og andre besøkande til regionen og til ålmenta meir generelt. I tillegg er næringslivet allereie involvert i senteret. Det er og fylkeskommunen, ei rekke kommunar frå heile fylket, organisasjonar og Høgskulen på Vestlandet. – Dette ønskjer vi å vere ein del av, og vi vil både bruke senteret og delta i formidlinga, seier Lunde. Difor har Vestlandsforsking svara ja til invitasjonen om å kjøpe 23 aksjar i selskapet som skal utvikle og drive senteret.

Postadresse

Vestlandsforsking 
Postboks 163 
6851 Sogndal

Telefon

906 33 600

E-post

post@vestforsk.no

Org.nr.

965 919 627 MVA

Ansvarleg redaktør

Direktør Merete Lunde

Nyheitsbrev

Me sender ut ein gong i månaden

Sosiale medium