Kronikkserie

I samband med Forskingsdagane har Vestlandsforsking hatt tre kronikkar i Firda, Sogn Avis på forsking.no. Kronikkane tek for seg velferdsteknologi, allemannsretten og kjøtfri måndag.

Tekstane er del av ein serie på åtte kronikkar trykt i lokalavisene Firda og Sogn Avis i samband med Forskingsdagane 2016, som hadde temaet «Utan grenser». Forfattarane er forskarar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Vestlandsforsking. Kronikkane stod på trykk i dei to lokalavisene frå 21.september til 1.oktober. I ettertid er dei publiserte på forskning.no.

Vi bør alle redde verden (litt) – Carlo Aall

«Hvis noe er ‘lite’ - betyr det da at vi ikke trenger gjøre det? Ethvert tiltak kan jo gjøres ‘lite’ om man bare sammenligner med noe tilstrekkelig stort», skriv Carlo Aall, forskingsleiar for klima og miljø. I kronikken Vi bør alle redde verden (litt), går han inn i talmaterialet Vestlandsforsking har på kjøtforbruk og bilkøyring for å imøtegå ein påstand om at ein kjøtfri dag i veka ikkje har noko for seg.

http://forskning.no/meninger/kronikk/2016/10/vi-bor-alle-redde-verden-litt

Du har velferdsteknologi i lomma di – Marit Haugan Hove

Kronikken til Marit Haugan Hove plukkar frå kvarandre det store omgrepet «velferdsteknologi». «Sjølv om både kommunar og privatpersonar for lengst har teke i bruk nyvinningar som robot-plenklyppar, elektroniske pilleboksar og avanserte varslingssystem, ser mange framleis på velferdsteknologi som noko framand og uprøvd», skriv Hove, og kjem med døme på teknologi vi alle har tilgang til og som gradvis blir allemannseige. Hove er sivilingeniør med produktutvikling som spesialitet, og jobbar som trainee innan velferdsteknologi.

http://forskning.no/2016/09/du-har-velferdsteknologi-i-lomma-di

Det finst grenser for allemannsretten – Eivind Brendehaug

Er allemannsretten berre ein rett, eller inneber han også plikter? Forskar Eivind Brendehaug forklarar korleis reglane er for ferdsel i utmark. Er det til dømes greitt å bruke elsykkel overalt, og kan ein skuleklasse gjere dei same tinga i naturen som ein familie på søndagstur? Han forklarar òg korleis allemannsretten er i endring.

http://forskning.no/2016/10/det-finst-grenser-allemannsretten