Vestlandsforsking feira 30 år

Vestlandsforsking markerte sitt 30-årsjubileum med eit jubileumsseminar måndag 21. september. Både samarbeidspartnarar, beslutningstakarar, forskarar og andre med interesse for forsking, til saman over 60 personar, var samla i Sogndal. Målet med dagen var å markere 30 år, og å bli betre kjent med Vestlandsforsking.

Sidan Vestlandsforsking markerte 30 år vart det lagt opp til å stoppe litt opp og mimre litt over aktiviteten ved forskingsinstituttet sidan oppstarten i 1985. Mykje har skjedd på 30 år og vi ville vise fram noko av dette, samstundes som vi ønskte å sjå framover. Ny kunnskap er viktig for å møte mange av dei store samfunnsutfordringane vi står ovanfor og for å bidra til innovasjon og berekraftig utvikling.

Deltakarane var einige om at dei fekk ein god start på dagen då Torkjel Solbraa, reiselivsforskar ved instituttet, opna seminaret med ein sjølvlaga song og spel på gitar.

Det var Trude Brosvik, styreleiar ved Vestlandsforsking, som ønskte velkommen. Ho la vekt på at plasseringa av Vestlandsforsking i Sogn og Fjordane som eit frittståande forskingsinstitutt, har vore og er, viktig. Kvar forskarar bur og lever gjer noko med utvikling av forskingsprosjekt. «Forskingsinstituttet er ikkje i eit vakuum, men i ein kvardag som dei deler med innbyggarane, det lokale næringslivet og offentlege etatar. Saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane ved Fosshaugane Campus, utgjer Vestlandsforsking eit regionalt kunnskapsmiljø med rundt 200 fagstillingar. Dette er avgjerande viktig å ta vare på for å sikre ei god og kunnskapsbasert samfunnsutvikling», sa Brosvik.

Vidare fortsette ho med at «Dei største suksessane har vi når vi arbeidar saman, deler kunnskap og hjelper kvarandre fram. Utbygginga av breiband i fylket vårt er ein slik suksesshistorie. Når ein samarbeidar, greier ein å få gjennomslag. Ein greier å lage miljø som til saman har nok erfaringar og kunnskap. Då kan ein ta tak i eit stort problem. Framtida vil heilt sikkert ikkje stille mindre krav til kunnskapsbasert utvikling. Derfor er det ei stor glede å kunne vise fram 30-årsjubilanten Vestlandsforsking i dag, og ønskje dykk alle velkomen til å feire saman med oss. Bruk dagen til å lære, knyte kontaktar og tenkje store tankar om korleis vi skal bli endå betre saman.»

Fylkesvaraordførar Jenny Følling hadde med ei helsing frå Sogn og Fjordane fylkeskommune som er stiftaren av instituttet. Ved etableringa i 1985 gjekk fylkeskommunen, Kommunaldepartementet og 62 bankar, bedrifter, kommunar og organisasjonar i fylket inn med eit grunnfond på 4 mill. kroner. Jenny Følling gratulerte jubilanten med 30 år.

Gørill Kristiansen er seniorrådgivar i Kunnskapsdepartementet med ansvar for instituttsektoren. Ho snakka om «Regjeringa sine viktigaste prosjekt for forsking – kva betyr dei for instituttsektoren?». Norges Forskingsråd var representert ved Christen Krogh som er avdelingsdirektør for avdeling for forskingspolitikk. Han snakka om «Forventningar til 30-åringen Vestlandsforsking».

Kristiansen informerte om at prioriterte forskingstema i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er 1. Hav, 2. Klima, miljø og miljøvennleg energi, 3. Fornying i offentleg sektor og betre og meir effektive velferds - helse- og omsorgstenester, 4. Muliggjerande teknologiar, 5. Eit innovativt og omstillingsdyktig næringsliv, 6. Verdsleiande fagmiljø. Det er særlig krav om 1) storleik, 2) vitskapleg publisering og 3) deltaking i internasjonale forskingsprosjekt det er knytt forventningar til framover. Vestlandsforsking er godt posisjonert i høve dei prioriterte fagområda, leverer godt på vitskapleg produksjon og deltaking i internasjonale forskingssamarbeid. Sjå presentasjonar under vedlegg til høgre på sida.

I lunsjen var det helsingar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane ved assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid og Sogndal kommune ved ordførar Jarle Aarvoll. Dei la begge vekt på kor viktig det er å ha eit kunnskapsmiljø som Vestlandsforsking å samarbeide med i nærleiken.

Etter lunsj presenterte forskingsleiar Carlo Aall forskinga ved miljøgruppa ved instituttet og viktige område framover i presentasjonen «30 år med nyttig miljøforsking». Eli Heiberg, førstelektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, presenterte samarbeidet som Høgskulen i Sogn og Fjordane har på ny master i klimaplanlegging. Forskar Svein Ølnes og forskingsleiar Ivar Petter Grøtte presenterte IT forskinga og reiselivsforskinga ved instituttet i presentasjonen «30 års verdshistorie, Norgeshistorie og Vestlandsforskinghistorie innan IT».

Deretter gikk alle på "Forskingstorget". Alle forskarane ved instituttet presenterte forskinga si med plakatar, postarar og faktaark. Høgdepunkt frå år til år sidan 1985 blei presentert på skjerm. Døme på prosjekt som vart presentert: Internasjonale forskingsprosjekt, reiseliv, livsløpsanalysar, klima, miljø, innovasjon, IT, e-helse, velferdsteknologi, breiband, big data og Bitcoin.

Torkjel Solbraa innleia siste økt på programmet med gitarspel. Deretter var det helsingar til jubilanten både frå Høgskulen i Sogn og Fjordane ved styreleiar Trond Ueland og Bratt Moro ved styreleiar Yngve Hallén. Dei snakka begge om kor viktig det er med samarbeid.

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete og fotballpresident og styremedlem i Vestlandsforsking Yngve Hallén, brukte dei siste 20 minutta til å summere opp dagen. Dei la vekt på kor viktig det er å ha regional forankring og å vere på internasjonalt nivå.

Det blei ein god dag. Det var fleire som uttrykte at dei hadde blitt betre kjende med Vestlandsforsking og kva vi driv på med og har betydd for fylket opp igjennom åra. Blant anna at om det ikkje hadde vore for internasjonale forskingsprosjekt ved Vestlandsforsking, så hadde med stor sannsynlegheit ikkje DiFi vore plassert i Leikanger. Det var også framheva av fleire kor viktig aktiviteten ved instituttet har vore for at Sogn og Fjordane som eit av dei første fylka i landet hadde alle kommunane med på elektronisk meldingsutveksling. Alle midlane til utbygging av breiband vart også nemnd av fleire.

Vestlandsforsking er eit samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt som har konsentrert seg om dei tre forskingsområde: IKT, KLIMA OG MILJØ og REISELIV. Instituttet har lange tradisjonar med internasjonal forsking, vi har i alle år vore opptatt av å finne fram til berekraftige løysingar, vi jobbar tett med offentleg sektor og samarbeider med alle kommunane i fylket. Vi jobbar for å auka bruk av forsking i næringslivet, doktorgradskandidatar tar utdanning hos oss. Vi meiner vi er godt rusta til å møte framtida.

Direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde, leia 30-års jubileumsseminaret og avslutta slik: «Det er viktig for Vestlandsforsking å vere relevant for regionen, at vi tilbyr kunnskap som skapar verdiar for næringsliv og er nyttig for offentleg forvaltning. For å få til det må vi ligge i front. Det tar tid å bygge kunnskap. Vår jobb er å bygge kunnskap, som i neste omgang næringsliv og offentlig sektor kan dra nytte av. Vi ønskjer å fortsette med, gjennom vår forskingsaktivitet, å være med på å gi viktige bidrag til samfunnsutviklinga både i Sogn og Fjordane, Norge og det internasjonale samfunnet.» Ho fortsette vidare: «Dette blei ein dag med mange inntrykk. Takk til kvar og ein for at de bidro i gode samtalar, og takk til dei som haldt innlegg. Vi hadde et mål med dagen, markere 30 år og bli betre kjent med Vestlandsforsking. Det håper eg de har blitt.»

30-års jubileumsseminaret vart lagt til Forskingsdagane i Sogn og Fjordane og var opent for alle.