Turistnæringa gjer lite med klimautslepp

Professor Stefan Gössling ved Vestlandsforsking har saman med Daniel Scott ved Universitetet i Waterloo i Canada og C. Michael Hall ved Universitetet i Canterbury på New Zealand publisert ein artikkel i tidsskriftet Journal of Sustainable Tourism om turistnæringa og klimaspørsmålet. Daniel Scott er gjesteforskar ved Vestlandsforsking.

Forskarane har gått gjennom den siste rapporten frå FNs klimapanel (IPCC) og granska tilrådingane som gjeld turistnæringa. I tillegg viser dei korleis utviklinga i reiselivsnæringa går i feil retning når det gjeld utslepp av klimagassar. Gössling, Scott og Hall samanliknar dagens utsleppssituasjon og framskrivingar av utsleppa med den utviklinga FNs klimapanel (IPCC) meiner er nødvendig for å unngå uheldige klimaendringar.

Dei tre forskarane understrekar at det finst for lite kunnskap om korleis reiselivet skal kunne klare å redusere utsleppa av klimagassar så dramatisk som FNs klimapanel har tilrådd i den femte hovudrapporten, også kjend som «AR5». Internasjonalt har dei store reiselivsorganisasjonane gjort lite med tilrådingane i den siste rapporten frå FNs klimapanel, som kom ut i form av tre delrapportar, ein hausten 2013 og to i løpet av våren 2014. Turistnæringa er nøydd til å vakne, slår forskarane fast, og minner om kva verda kan ha i vente dersom vi ikkje lukkast med å stoppe den menneskeskapte, globale oppvarminga som kjem av klimagassutslepp:

«Eit fenomen som er venta å ha ein direkte negative verknad på økonomisk vekt i mange delar av verda, skade eller tvinge meir enn ein milliard menneske på flukt og utgjere eit stadig større sikkerheitstrugsmål, er ikkje kompatibelt med berekraftig utvikling», skriv forskarane. Dei understrekar at det vil bli svært vanskeleg for turistnæringa å nå både vekst- og berekraftmåla sine i ei verd der temperaturen aukar med over fire grader, ein temperaturauke som svarar til eit verstefallsscenario med ei rekkje dramatiske konsekvensar.

- Verksemder kan ikkje lukkast der samfunnet bryt saman. Difor må turistnæringa vere med i prosessen der vi utformar ei klimarobust utvikling, skriv Gössling, Scott og Hall.

Daniel Scott er gjesteforskar ved Vestlandsforsking i 2015. Saman med Stefan Gössling, som deler tida si mellom Vestlandsforsking og Universitetet i Lund, forskar han på korleis turistnæringa bli meir klima- og miljøvenleg. Scott har vore bidragsytar og «expert reviewer» for tredje, fjerde og femte hovudrapport frå FNs klimapanel.

Referanse: Daniel Scott, C. Michael Hall and Stefan Gössling (2015): “A review of the IPCC Fifth Assessment and implications for tourism sector climate resilience and decarbonization”, Journal of Sustainable Tourism