Innspelkonferanse - Cruisestrategi for Vestlandet

Innspelkonferansen for ny cruisestrategi for Vestlandet vart gjennomført i Sogndal 29. september. Der presenterte Eivind Brendehaug resultat frå fleire forskingsprosjekt ved Vestlandsforsking. Tilhøyrarane var mest oppteknen av berekningar av energiforbruk og CO2 utslepp frå cruiseskipa.

Cruiseskip er den transportforma som slepp ut mest CO2 per personkilometer. Areal eller tonnasje per passasjer på cruiseskip er høgt på grunn av alt det andre som er på skipa i tillegg til passasjerar, som til dømes handlegater, butikkar, restaurantar, basseng, minigolfbaner, treningssenter, kulturscener etc.

Det eit samfunnsmål å flytte transport av gods over på sjø. Godstransport på sjø og cruisetrafikk har lite til felles. Godstransport på skip har i motsetnad til cruise ein særs høg frakttettleik sidan det er lite anna enn gods på skipa og godset er stua tett saman.

Elles er det verd å merke seg i figur på side 4 i presentasjonen til Brendehaug at for fly er klimaeffekten av utslepp i høge luftlag ikkje inkludert, og at CO2-utslepp frå bygging av cruiseskip og hamner ikkje er kome med i figuren.

Figur på side 5 samanliknar ulike former for turisme til fjordane på Vestlandet: fjordturisme med buss, bil og cruiseskip. Figuren viser at ein fjordturist til Vestlandet med cruiseskip brukar nesten fem gonger så mykje energi som ein fjordturist som brukar bil når utgangspunktet er Nord-Tyskland (det er rekna med to personer i bilen). Lågast utlepp får ein ved å bruke buss. I figuren kjem fjordturisme med fly ut med for lågt energiforbruk i forhold til dei andre transportformene av to grunnar. For det første fordi utslepp av CO2 i høge luftlag har ein kraftigare klimaeffekt enn utslepp ved bakkenivå. For det andre att turisten i våre berekningar ikkje reiser rundt i fjordane, men tek alle overnattingane i Bergen. Det siste gjer at flyalternativet er lite samanliknbart med dei tre andre reisealternativa (buss, bil og cruise).