Forskingsdagane i Sogndal

Mat er tema for Forskingsdagane 2015, som Vestlandsforsking arrangerer i lag med Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I år kan du høyre reiselivsforskar Bård Huseby i Tysdagsdebatten, som tek opp temaet matjuks 22.september. Før debatten blir det føredrag om ølbrygging ved bryggjeria Balder og Ægir, og ein jury frå Campus vil gjere ei vitskapleg bedømming av innleverte heimebryggja øl - med eit visst glimt i auget. I denne juryen sit Vestlandsforsking sin eigen direktør, Merete Lunde, med doktorgrad i molekylær mikrobiologi og med erfaring frå både Mattilsynet og Lerum.

Mat, sex og jord
Vestlandsforsking sin nytilsette toksikolog/ekspert på miljøgifter, Torunn Hønsi, snakkar om matkasting i ein såkalla "forskar-standup" onsdag 23.september. Standupen er lagt til trappa mellom 4. og 5. etasje på Høgkulebygget og føregår frå kl 13 til 14:30. Her blir det i tillegg mat, sex, jord, moral, polarekspedisjonar, fotball og skuleprestasjonar. Innlegga i standupen er korte (6-8 minutt) og gir eit innblikk i somme av Vestlandsforsking og høgskulen sine fagfelt.

Disputas i Sogndal
Parallelt med den populærvitskaplege formidlinga som føregår desse dagane, skal Hans Jakob Walnum disputere for doktorgraden her i Sogndal. Han held eit 45 minutts foredrag om temaet for avhandlinga frå kl 10 i Høgskulebygget onsdag 23.september, og skal deretter forsvare avhandlinga si overfor kommisjonen. Disputasen er open for alle. Det blir høve til å gå ut av rommet mellom presentasjonen og den andre bolken. Temaet for doktorgradsarbeidet er forskyvingseffektar - at ein kan risikere å flytte på miljøproblem i transportsektoren i staden for å løyse dei når ein set i verk utsleppsreduserande tiltak.

Sjå omtale av doktorgraden her: http://www.vestforsk.no/aktuelt/blir-miljoproblemene-i-transportsektoren-lost-eller-flytta

Forsking med på kjøpet
Dag og Tid-skribent Siri Helle, som kvar veke skriv om kva som eigentleg er i maten vi et, skal onsdag ettermiddag kike i handleposar utanfor Meny på Amfi Sogningen. I beste handletid får folk litt forsking med på kjøpet, og blant dei som fortel noko interessant ved handlevognene, er forskar og hotelleigar Bård Huseby, denne gongen i dialog med ein annan fjordhotellvert, Kjell Sindre Schmidt.

Heile programmet for Forskingsdagane 2015 i Sogndal finn du her:

https://www.hisf.no/sites/default/files/media/Forskingsdagane/Forskingsdagane%20i%20Sogndal_0.pdf