2013 - året då Internett mista uskulda

2013 var det året Internett mista uskulda si. Edward Snowden sine avsløringar av National Sercurity Agency (NSA) sine omfattande overvakingar overgjekk dei villaste fantasiane. Me visste jo godt at nettet ikkje var trygt for avlytting, men få såg for seg det enorme omfanget.

Internettet er ungt
Internett er for dei fleste synonymt med verdsveven, World Wide Web. Den er berre vel 20 år gammal, og ”nettet” slik det blir oppfatta av dei fleste, er dermed eit ungt medium. Som med mange nye ting, er også Internett møtt med stor entusiasme. Veksten og omfanget har då også vore formidabelt. På kort tid har nettet vorte standard-referanse og har medført store endringar både i yrkeslivet og i privatliva. Me er etter kvart vorte heilt avhengige av Internett-kommunikasjonen i alle delar av liva våre.

Internett-romantikk
Internett var ein disruptiv innovasjon, det same kan seiast om verdsveven som eigentleg er ein applikasjon på nettet. I det følgjande skil eg ikkje klart mellom Internett og WWW, sjølv om det ofte er gode grunnar til å gjera det. Nettet vart oppfatta som ein fristad og i opposisjon til det etablerte. Uavhengigheits-fråsegna til John Perry Barlow, ein av stiftarane av Electronic Frontier Foundation (EFF) frå 1996 er ein god illustrator for haldningar på den tida. Her frå innleiinga til A Declaration of the Independence of Cyberspace:

Governments of the Industrial World, you weary giants of flesh and steel, I come from Cyberspace, the new home of Mind. On behalf of the future, I ask you of the past to leave us alone. You are not welcome among us. You have no sovereignty where we gather.

Det kan verka som veldig stor ord i dag, men fråsegna gir eit godt uttrykk for rådande tankar på den tida. Interessant nok vart dette framført i Davos, for World Economic Forum.

Internett blir big business
Men myndigheiter og næringsliv overlet ikkje Internett til romantikarane. Internett vart fort ein nøkkelplattform for begge, og etter kvart for folk flest også. Det som vart oppfatta som ein fristad og nærmast ”vest for lova”, vart meir og meir vevd inn i rutinar og reglar i samfunnet elles. Sjølv om nettet sin globale natur gjer nasjonal regulering vanskelegare, er det i ulike samanhengar vist at lovverket i stor grad gjeld på nettet som elles.

På tide å vakna
Internett har likevel vorte oppfatta som ein annan stad, eit alternativ til den fysiske, konvensjonelle verda. Evgeny Morozov, opprinneleg frå Kvite-Russland og stipendiat ved Harvard, har skrive kritisk om det han kallar Internett-sentrisme; tanken om Internett som noko utanfor det organiserte samfunnet. I ein lenger artikkel i Frankfurter Allgemeine Zeitung (FAZ) i januar i år skriv han at ei revurdering av nettet er nødvendig etter dei sjokkerande NSA-avsløringane. Han forklarer si eiga endra oppfatning av Internett som ei begynnande desillusjonering, men som seinare gjekk over i eit fundamentalt endra syn på nettet.

Etterlyser aktiv teknologipolitikk
Morozov kallar den første fasen empirisk, der nye fakta tvingar deg til å føreta visse justeringar av verdsbiletet, men utan å forkasta det. Den andre fasen, den ontologiske, rystar sjølve grunnvollane. Då er det ikkje nok berre å justera litt, då må verdsbiletet nærmast snuast opp ned – om lag som då Kopernicus fann at sola var i sentrum, ikkje jorda.

Han åtvarar mot eit syn på Internett som eit autonomt system, med sine eigne lovmessige samanhengar. Som han seier: ”When ’the Internet’ is everywhere, politics is nowhere”. Morozov argumenterer for ein aktiv teknologipolitikk der politikarar tek på alvor det ansvaret dei har for utviklinga.

Eg er einig med Morozov i at politikarar, og andre, må på bana og ta Internett på alvor. Det er gjennom demokratiske og politiske prosessar me bør utvikla nettet i ei ønskjeleg retning.