Videokonferanse og webcasting treng ikkje koste skjorta

Google har gjort suksess med «sosial videokonferanse» i form av «Google Hangout» som er del av Google sitt sosiale nettverk, «Google +». For ei stund sida vart det mogleg å «henge» offentleg. Det vil seie at videokonferansen blir strøymd offentleg på Youtube i (nær) sanntid, og deretter lagra der som ein kva som helst annan Youtube-video.

Denne løysinga, som har fått namnet «Hangout on Air» har no blitt så stabil og brukarvenleg at i samband med seminaret vårt «Workshop on energy use in cloud computing and green data centres» var det på tide å teste løysinga i jobbsamanheng.

Fordelane med Google Hangout er at du får ei videokonferanse-, webcasting-, og videopubliseringsløying i eitt og heilt gratis, med lett oppsett og bruk gjennom nettlesaren (kortare videoar kan du til og med redigere i nettlesaren). Det einaste du treng investere er litt tid, og eit bra webkamera om du ynskjer god lyd og video. Sidan me skulle ha med ein deltakar som sat i Gent i Belgia og presenterte passa dette ekstra godt; me trengte ikkje kobla Skype eller liknande på webcastingløysinga, sidan alt var kobla saman i utgangspunktet.

Workshopen hadde ikkje fleire deltakarar (11 på det meste) enn at dei fekk plass på vårt «store» møterom her på Vestlandsforsking, og eg tenkte difor at eg skulle vere lur å bruke vår 20 000-kroners telefonkonferanseløysing til lyd (den kan koblast til PC). Det var ikkje lurt, mikrofonen gav dårleg lyd, og høgtalaren gav inntrykk av at deltakaren i andre enden hadde nettverksproblem. Eg enda difor opp med eit eldre (~3 år) webkamera som i si tid kosta rett oppunder 1000 kroner.

Korleis skjer så ein Hangout on Air?

Førebuing

  1. Heng ut med dei som skal vera med bortefrå (eksterne deltakarar). Installering av nødvendig programvare skjer lett, og både Windows, Mac OS og Linux er støtta.
  2. Gje sjåarane melding om kvar dei kan sjå videostraumen. Du kan bygge inn videoen på eigne heimesider, men det lettaste er å vise til kanalen din på Youtube. Så fort du byrjar å kringkaste vil det komme ei oppdatering på kanalsida di om dette.

Sjølve kringkastinga

  1. Start Hangout on Air frå Google +
  2. Start Cameraman-appen i Google +. Cameraman gjer det mogleg for deg å styre kven som visest i sendinga. Vanleg Hangout-modus er at den som pratar er i fokus, men når du skal kringkaste presentasjonar er det viktig å kunne styre kva video og lyd som visest.
  3. Send lenkje til eventuelle deltakarar (Google vil be deg om å invitere dei, men erfaring tilseier at om du skal lite på at dei får vite om det må du sende lenkja sjølv).
  4. Vis presentasjonane, dersom du brukar Powerpoint, kan du først sette opp presentasjonsmodus der, og så velje å dele presentasjons-fullskjermen i Google Hangout. Webkameraet brukar du til lyd og video innimellom når det er spørsmål frå deltakarane. Slik slepp du å bekymre deg for dårleg video og fokus osb.

Dersom du ynskjer betre kontroll kan du setje opp Hangout på din eigen PC først og så setje opp presentasjonsmaskina som ein eigen deltakar på Hangouten.

Alt i alt er det nok lurt å øva seg med ein del meir uformell Hangout utan «on air» før du gjennomfører di første kringkasting, men det heile er eigentleg svært enkelt. Dersom du ynskjer betre video og lyd er dette fullt mogleg med betre lyd og video-utstyr kopla til datamaskina. Det er nok neste steg her på Vestlandsforsking; innkjøp av eit betre kamera med zoom og ev. ein array-mikrofon.

Til slutt skal det seiast at sjølv om det kostar pengar å videotelefonere med fleire på Skype så har nok Skype/Facebook/Microsoft liknande løysingar til liknande pris (ev. planar), og det finst nok andre midre eller større aktørar også. Men det er sjeldan ein får løysingar som fungerar på både Linux, Mac OS X, Windows, iOS og Android. Kom gjerne med tips i kommentarfeltet.