Tilfellet Aaron Swartz

Etter at den teknologisk gåverike Aaron Swartz tok sitt eige liv for 14 dagar sidan, i ein alder av berre 26 år, har diskusjonen rast på Internett om ”forbrytelse og straff” og ekstremisme i lovverket i USA.

 

”Forbrytelsen”
Aaron Swartz hadde lasta ned store delar av biblioteket JSTOR ved MIT, og frigitt artiklane på nettet [sjå kommentar under]. JSTOR er ei samling av i hovudsak akademiske artiklar. Aaron Swartz var stipendiat (research fellow) ved Harvard og hadde difor tilgang til biblioteket. Swartz vart arrestert i januar 2006, men påtalemakta fråfall seinare anklaga. Men det føderale nivået ville ikkje la han sleppa, og med U.S. Attorney for the District of Massachusetts,  Carmen Ortiz i spissen, vart saka teken opp att i samband med Computer Fraud and Abuse Act.

“Straffa”
If convicted on these charges, Swartz faces up to 35 years in prison, to be followed by three years of supervised release, restitution, forfeiture and a fine of up to $1 million", sa Ortiz.

Etter dødsfallet sa Ortiz dette:

"This office's conduct was appropriate in bringing and handling this case.… This office sought an appropriate sentence that matched the alleged conduct—a sentence that we would recommend to the judge of six months in a low security setting.… At no time did this office ever seek—or ever tell Mr. Swartz's attorneys that it intended to seek—maximum penalties under the law."

Det er vel ei reinvasking av eigne hender på høgde med Pontius Pilatus..

Nettaktivist
Aaron Swartz var spesiell; ekstremt naiv og ekstremt intelligent. Han vart medlem av arbeidsgruppa bak RSS 1.0 som 14-åring (!) og var involvert i mange aktivitetar i løpet av sitt relativt korte liv. På slutten arbeida han mest med web-rammeverket web.py

Han var ein nettaktivist og handlinga med nedlasting og spreiing av akademiske artiklar kan best beskrivast som sivil ulydnad. Han var med og starta Demand Process, ei nettaktivist-gruppe som organiserte tiltak for å ” take action by contacting Congress and other leaders, funding pressure tactics, and spreading the word about civil liberties, government reform, and other issues”. Han var også ein sentral figur i kampen mot m.a. SOPA. Også MIT får skarp kritikk for måten dei handterte saka på. Dei kunne ha valt å stengja tilgangen, men valde å forfølgja inntrengjaren og stilla seg bak tiltalen. Det er lite som minner om det opne MIT i denne handlinga. President L. Rafael Reif ved MIT har no sett i gang full intern gjennomgang av deira rolle i saka, ei sak som set den ærverdige institusjonen i eit veldig dårleg lys.

Ekstrem lovgiving
Hans gode venn  Lawrence Lessig, kjend ekspert på jus og IT og mannen bak Creative Commons, tek eit kraftig oppgjer med myndigheitene på bloggen sin:

This is a measure of who we have become. And we don’t even notice it. We can’t even see the extremism that we have allowed to creep into our law. And we treat as decent a government official who invokes her family while defending behavior which in part at least drove this boy to his death.

Viss me klarer å sjå bort frå det tragiske i saka, er den interessante dimensjonen det ekstreme mishøvet mellom ”forbrytelse” og ”straff”. Aaron Swarz gjorde heilt klart noko ulovleg, men det var ikkje for eiga vinning, og JSTOR sjølve ville ikkje forfølgja saka.  Men å komma med ein tiltale og trugsmål om 35 års fengsel, og påstand om 13 alvorlege straffebrot, er hinsides all fornuft. Og det er det Lawrence Lessig og mange andre kjende nett-personar, som Sir Tim Berners-Lee, tek eit oppgjer med. Også vise-president i EU-kommisjonen og kommisjonær for Digital Agenda, Neelie Kroes, går langt i å forsvara Aaron Swartz og å ta eit oppgjer med urimelege lover i bloggen sin.

Lessigs påstand er at USA på relativt kort har innført ein ekstremisme i lovverket som innbyggjarane ikkje ein gong er klar over. Og med forsøk som m.a. SOPA, ACTA, Wikileaks/Bradley Manning og saka med Aaron Swartz, er det lett å sjå at Lessig og andre har gode poeng.

Pdf-hyllest
Som ei hyllest til dei verdiane Aaron Swartz stod for, eit ope Internett og med mest muleg deling av informasjon, har mange valt å opna opp eigne arkiv gjennom ein såkalla #pdftribute (Twitter). Mediehuset O’Reilly har t.d. gjeve ut boka ”Open Government – Collaboration, Transparency, and Participation in Practice” og mange andre har lagt ut pdf-versjonar av eigne artiklar i sympati med Swatz.

Til slutt må det nemnast at Aaron Swartz sjølv valde å ta sitt eige liv, og at han i lenger tid var plaga med depresjon. Det er ikkje er konstatert nokon direkte samanheng mellom tiltalen og handlinga til Swartz. Men mykjer peiker trass alt i den retninga at den alvorlege tiltalen og det store presset han må ha kjent, kanskje har vore utslagsgjevande til slutt.