Studietur til India

IT-forum Sogn og Fjordane arrangerte nyleg studietur til India . 12 deltakarar frå offentleg sektor, privat sektor og forsking brukte ei veke til å gjera seg kjende med indisk IT-industri og IT-utvikling generelt i India.

Bengaluru
Hovuddelen av studieturen føregjekk i Bangalore; IT-hovudstaden i India. India har fleire såkalla IT-senter (IT hubs), men den desidert største er i Bangalore. Bangalore, Bengaluru på indisk, er ein stor by i staten Karnataka. Den har over 9 mill. innbyggjarar spreidde over eit stort område. På grunn av trafikkproblem tek det i periodar fleire timar å køyra frå den eine enden av byen til den andre.

Indisk IT-historie
IT-industrien har ikkje meir enn vel 20 års historie. India var eit veldig lukka land fram til slutten av 1980-åra. Opninga hadde også samanheng med at dei nære banda til Sovjetunionen vart brotne etter oppløysinga i 1991. Eitt av tiltaka som vart sette i gang på den tida, var ei satsing på IT som vekstområde. Ein viktig del av satsinga var oppretting av utdanningsinstitusjonar som IIIT (Indian Institute of Information Technology). Den første av desse vart oppretta i Hyderabad i 1998, men IIIT i Bangalore følgde raskt etter. I dag er det 17 av desse institusjonane i India, med litt ulike finaniserings-modellar.

Dewang Mehta og NASSCOM
Organisasjonen NASSCOM, oppretta i 1988, har også vore veldig viktig for IT-utviklinga i India. NASSCOM er ein non-profit-organisasjon som kan samanliknast med vår eigen Dataforening, men med ei mykje meir aktiv rolle i forretningsutvikling. Dr. Dewang Mehta var den første presidenten for NASSCOM og den drivande krafta i utviklinga av organisasjonen og IT-næringa i det heile. Han er truleg den viktigaste personen i India si imponerande IT-utvikling. Dessverre døydde han berre 39 år gammal i 2001.

Indiske IT-gigantar
Me besøkte fleire av dei største IT-selskapa i India, som Infosys, Cognizant og Tata Consultancy Services. Dei to første har rundt 170 000 tilsette kvar, TCL har nærmare 300 000! Dette er globale selskap på alle måtar, og ”born global” er eit viktig slagord for dei. Felles for selskapa er at dei inngår i eit tett og langvarig samarbeid med kundane for å skapa meirverdi for begge. Akkurat det er vel ikkje så unikt, men av kundemassen kan ein sjå at dei private selskapa dominerer. Eit tett og langvarig samarbeid er ikkje det offentlege innkjøpsreglar framelskar, heller tvert om. Det er ikkje tilfeldig at det er lenger mellom dei offentlege kundane. Så kan ein spørja seg om dagens regelverk hindrar ei utvikling samfunnet som heilskap kan tena på. Leverandørbinding er eit problem, men stadige utlysingar og skifte av leverandørar er også eit problem.

I tillegg til gigantane besøkte me også mindre selskap og oppstartsbedrifter. IIIT Bangalore var senteret for besøket vårt og dei hadde gjort ein viktig jobb med å få innpass hjå dei ulike selskapa. Over alt me var, var den indiske gjestfriheita stor!

IT-utdanninga
Det er ikkje tvil om at store menneskelege ressursar er den viktigaste forklaringa på India sitt IT-eventyr. Eit stort folketal kombinert med etter kvart gode utdanningsinstitusjonar og engelsk som standardspråk er dei viktigaste faktorane. Dei store selskapa rekrutterer 15 - 20 000 nye kandidatar kvart år, både på bachelor- og masternivå. Desse blir rekrutterte frå dei beste utdannings-institusjonane i India. I tillegg får dei intensiv og spesifikk opplæring når dei blir tilsette. Infosys har verdas største opplæringssenter i Mysore med ein kapasitet på 14 000 studentar. Der går dei inn i eit intensivt opplæringsprogram på eit halvt år før dei startar arbeidet. Opplæringssenteret opplyste at dei hadde ein strykprosent på litt over 1 % , og eksamenane er tøffe nok (!).

Kopiering og kreativitet
Med den veldige satsinga på IT skulle ein forventa at den neste Bill Gates eller Steve Jobs vil komma frå India. Men det er tvilsamt om det skjer. Sjølv om IT-satsinga i India er imponerande på alle vis, ligg det heile tida under at det er koding etter oppskrift som er kjernen i aktiviteten. Dei store selskapa vil gjerne framstå som noko anna, men i botnen er det outsourcing og masseproduksjon av kode under strenge hierarkiske system som dominerer. Det ser ikkje ut til å vera mykje plass til kreativitet, sjølv om alle selskapa me besøkte framheva teknologi-laboratoria sine der ny teknologi vart prøvd ut. Det einaste som kan skapa ein indisk Gates/Jobs må vera om det skulle dukka opp eit tilfelle som liknar den store indiske matematikaren Ramanujan – eit eksepsjonelt tilfelle av genialitet.