IT-forum 2013

Den 18. IT-forumkonferansen på rad (!) vart opna på Kviknes Hotel i Balestrand i går, 25.09. Ei betre ramme for IT-forum 2013 enn den Balestrand viste fram i går, er ikkje muleg her i landet!

Rundt 125 deltakarar var møtte fram til den to dagar lange konferansen. Det er litt mindre enn tidlegare år, men det positive i år er at over halvparten av deltakarane kjem frå det private næringslivet.

Fylkesdirektør Jan Heggheim opna konferansen og understreka nettopp det poenget. Som fylkesdirektør for næring gledde det han stort å sjå så mange frå næringslivet. Så er også hovudtema på konferansen handel over Internett og korleis det vil påverka ikkje minst næringslivet i regionen vår.

Trond Teigene, direktør for strategi og forretningsutvikling i Sparebanken Sogn og Fjordane, fortalde så om utfordringar for banksektoren. Dei ser at nettet og teknologiutviklinga knytt til det, medfører store utfordringar. Nye aktørar kjem inn og har fordelen av å starta utan store og tunge bindingar (t.d. eldgamle banksystem bygde for ei anna tid og flikka på i lange tider). Slike aktørar vil lettare kunna trekkja til seg ungdommen og gi betre svar på deira behov.

Teigene trekte fram fleire eksempel på disruptive teknologihendingar, mellom anna Kodak. Han trudde likevel ikkje bankane ville enda som Kodak, men då må dei bli betre til å sjå framover og ikkje lena seg så tungt på mange hundre års bankhistorie.

David Rowan, redaktør for Wired Magazine UK, følgde opp med nye digitale forretningsmodellar og korleis Internett vil endra marknaden radikalt. Det var scenariet til Trond Teigene, berre opphøga i 10. potens!

Rowan sette opp 10 reglar som vinnaroppskrift.

Ten rules for winning:

1. Disrupt - or be disrupted

Alle sektorar blir no utfordra av dei digitale endringane. Det første digitalkameraet vart utvikla av Kodak, men lagt bort fordi det utfordra forretningsmodellen deira.

"Done is better than perfect"

2. Understand how far power has been radically distributed

Du kan no ganske lett bli din eigen industrileiar – det meste finst å kjøpa som tenester på nettet (du kan leiga designtenester og produksjonstenester og produsera din eigen mobiltelefon ganske rimeleg, om du har ein liten vri som gjer at du skil deg frå konkurrentane).

3, The physical world is going online too

“Internet of Things”

4. Mobile is the first screen

Mobiltelefon og nettbrett har teke heilt over i forbrukarsegmentet.

5. Follow the data

“Big Data”

6. Be exponential, not incremental

7. Remove the "technology" layer

8. People will pay for friction-free technology

9. The crowd doesn't need you

10. Software is eating the world

Alt i alt eit ganske sci-fi-prega innlegg, men likevel bygd opp rundt teknologi som er her i dag, om enn på barnestadiet (3D-skriving).

Det var ikkje mykje konsekvensanalysar og spørsmål om kva utvikling me ønskjer – foredraget var fritt for den slags bekymringar. Det ville vore interessant å få presentert eit foredrag som nettopp stilte ein del spørsmål ved den eindimensjonale teknologioptimismen som låg til grunn her. Men det var uansett interessant å høyra på David Rowan.

Parallellsesjon

Eg følgde parallellsesjonen om gründerfinansiering, butikkdød og Bitcoin sidan eg sjølv presenterte sistnemnde tema saman med Sturle Sunde.

Styreleiar i Localhost (datalagring i Lefdal Gruver) og aktiv i Connect Vest, Egil Skibenes, orienterte om arbeidet med støtte til etablerarar gjennom organisasjonen. Connect Norge har fem sjølvstendige regionale organisasjonar der Connect Vest er ein av dei. Frå vedtektene kan ein lesa av føremålet til Connect Vest at CV ”skal gjennom frivillig innsats kople entreprenører med de finansielle, teknologiske og rådgivende ressursene som er nødvendig for å bidra til etablering og utvikling av nye levedyktige teknologi- og kompetansebaserte foretak i Vest-Norge.”

Connect Vest har hjelpt fleire oppstartsbedrifter i Sogn og Fjordane, mellom dei Localhost i Måløy og Yast i Sogndal.

Amund Gotteberg, eigar av Måløy Glassmagasin AS, fortalde om utfordringar som møter ein typisk fagbutikk. Det er press frå fleire hald, ikkje berre frå netthandel. Også nye aktørar som Clas Ohlson og Biltema ”et” seg inn på marknaden til dei typiske fagbutikkane.

Men Gotteberg ville ikkje sitja roleg og sjå på at båten vart fylt med vatn. Han sikra seg først domenenamnet glassmagasinet.com i 2004, men parkerte det i påvente av ei satsing. For 3 år sidan sa han opp kjedetilknytinga for å kunna stå friare til å gjera nye ting. Etter eitt års karantene starta han opp nettbutikken glassmagasinet.com. Etter berre vel eit års drift utgjer no netthandelen bortimot 25 % av samla omsetning. Det viser at det er muleg å møta konkurransen på ein kreativ måte. Så er det sjølvsagt mange spørsmål knytt til ei nettsatsing for ein relativt liten butikk ute i distriktet. Særleg er det spørsmål knytt til transport og korleis konkurrera med andre nettbutikkar. Men resultata til Gotteberg talar si eiga sak, det er tydelegvis muleg å konkurrera med dei store.

Eg orienterte så om Bitcoin-fenomenet, saman med Sturle Sunde – erfaren Bitcoin-brukar frå Florø. Min eigen presentasjon er her på sida, så den seier eg ikkje noko meir om.

Sturle Sunde har drive med Bitcoin sidan 2011 og har etablert føretaket Sunde Bitmynthandel. Det som først og fremst fengde var at her var ein valuta utan nasjonal kontroll og berre styrt av algoritmar. Han selde over 100 Bitcoin i 2011 og tenkjer av og til på kjøparen, som no er millionær om han ikkje brukte myntane :)

Den første vara Sunde kjøpte, var eit par alpakka-sokkar. Dei kosta ca. 40 Bitcoin i 2011 og han tilbaud dei til halv pris til deltakarane (20 Bitcoin = ca NOK 16 000,-). Frå ein sped start i 2011 har Bitcoin fått stadig større bruksområde og det er no ganske mange som tek mot Bitcoin som betalingsmiddel.

Eit stort spørsmål er korleis myndigheitene skal handtera Bitcoin. Sturle sende eit spørsmål til Skattedirektoratet i 2011, men har enno ikkje fått svar! Justcoin er ein norsk bitmynt-handel og dei spurde Skatt Øst eit liknande spørsmål. Svaret frå Skatt Øst var at Bitcoin må reknast som eit betalingsmiddel på linje med annan valuta. Men om dette er eit offisielt svar frå skattemyndigheitene, er uklart. Det som er klart, er at norske myndigheiter må ta stilling til Bitcoin.