Borgarleg IKT-politikk

Valet ga eit borgarleg fleirtal og alt ligg til rette for ei borgarleg regjering styrt av Erna Solberg frå midten av oktober. Kva vil det innebera på IKT-sida, og særleg for IKT i offentleg sektor som er mitt hovudtema i forskingssamanheng?

 

Desse forslaga er nemnde av meir enn eitt parti og kan såleis tenkjast å bli lagde til grunn i ein felles offentleg IKT-politikk:

 

  • Offentleg IKT-politikk må samlast i eitt departement (Krf og Frp)
  • Staten må ta ansvar også for kommunale IKT-løysingar (V, Krf)
  • Ein nettportal for kommunikasjon med det offentlege (V, Krf, Frp)
  • Sterkare satsing på felles elektronisk identitet, fortgang i eID-arbeidet (Krf, Frp, H)
  • Sterkare satsing på opne data, kartdata skal også frigjevast (V, Krf, Frp, H)

 

Me kan altså forventa ei sterkare styring av IKT-politikken og at den blir samla i eitt departement som får eit overordna ansvar på området. Kva departement det vil bli, gjenstår å sjå. Noko av dagens problem er eit Fornyingsdepartement utan særleg kraft til å gjennomføra IKT-politikken og særleg hamla opp med sterke sektorinteresser.

 

Etter mykje fram og tilbake ser det også ut til at idéen om ein felles inngang til offentleg informasjon og tenester kjem tilbake. Her har det vore utilgiveleg mykje rot frå sitjande regjering og utføraren Difi. Eit stort spørsmål er også kva som vil skje med Difi. Høgre og Framstegspartiet har begge sagt at Difi skal slankast kraftig. Men dette må sjåast i samanheng med den totale (om-)organiseringa av IKT-området. Ut frå signala om å samla IKT-politikken, ligg det nær å tenkja seg også ei samling av den utførande delen.
For fleire detaljar om dei borgarlege partia sin politikk på IKT-området, sjå min eigen blogg.
Sjå også interessant innlegg av Arild Haraldsen om dette temaet på Digi.no