Teknologi framleis viktig hinder for meir bruk av videomøte

Mangel på teknisk utstyr og løysingar som ikkje ”snakkar saman” er framleis dei viktigaste hindera for auka bruk av videomøte i arbeidslivet. Auka bruk av videomøte og nettoverføring har eit stort innsparingspotensial og vil vera eit viktig element i utvikling av kompetansearbeidsplassar i distrikta. Denne teknologien er sentral i utviklinga av kunnskapsbaserte arbeidsplassar.

Vestlandsforsking har på oppdrag frå Distriktssenteret kartlagt faktorar som hemmar og fremjar bruken av videomøte og nettoverføringar (streaming, nett-tv) i privat og offentleg sektor. Spørje¬under¬søkingar er gjennomførte både i privat og offentleg sektor og ei rekkje nøkkelpersonar i utvalde organisasjonar er intervjua.

Distrikta betre enn sentrum, offentleg betre enn privat
Undersøkinga viser at verksemder i distrikta gjennomgåande er betre utstyrt for videomøte enn verksemder i sentrale strøk. Verksemder i offentleg sektor er dessutan betre utstyrte enn i privat sektor. Det er likevel eit stort unytta potensial fordi mange framleis manglar utstyr, og berre 18 % av private verksemder har eige utstyr for videomøte mot 47 % av dei offentlege verksemdene. Sjølv om utviklinga går i retning av stadig meir pc- og web-baserte system (og nettbrett, smarttelefonar), vil dedikert utstyr for video¬møte framleis vera viktig der fleire personar skal delta på kvar side.

Særleg i offentleg sektor blir verksemder i sentrale strøk (les: departementa) oppfatta som ein flaskehals for meir bruk av videomøte.

Teknologiske barrierer
Videomøte er ein teknologi der nettverkseffektar er tydelege: det hjelper ikkje om du har utstyr sjølv dersom den du skal kommunisera med ikkje har. I tillegg er det framleis kommunikasjonsproblem grunna manglande kompatibilitet og vanskar med bruken av utstyret. For verksemder i privat sektor er manglande brei¬bandkapasitet framleis eit viktig hinder.

Fri utvikling eller planmessig tilnærming?
Utviklinga av videomøte og nettoverføring har så langt vore marknadsstyrt. Resultat frå undersøkinga i tillegg til andre prosjekt, særleg ”Kunnskap kryssar grenser”, har vist at ved ei planmessig og koordinert satsing får ein ut eit større potensial mykje raskare. Partnarane i prosjektet ”Kunnskap kryssar grenser” kan visa til store økonomiske innsparingar gjennom ei strategisk satsing med enkle registreringsrutinar.

Ei planmessig satsing på nettoverføringar i ”Kunnskap kryssar grenser” har også vist kva ein kan oppnå. Nettoverførte arrangement bør bli regelen og ikkje unnataket for offentlege verksemder, særleg når det gjeld kortare, opne informasjonsmøte. For at dette skal skje, og for å få fart på utviklinga, trengst det støtte i ei viss tid. Det er også for å utvikla leverandørsida, som har vist seg å vera mangelfull når det gjeld tenester som nettoverførte arrangement.

For meir informasjon, kontakt prosjektleiar Svein Ølnes eller Frida Ekström.

Presseoppslag:

Distriktssenteret: Teknologien hindrar videomøte

Teknisk Ukeblad: Kun 1 av 5 bruker video

NRK Sogn og Fjordane: Distrikta er best på videomøter