Ledig stilling for forskar innan klima og berekraft

Vestlandsforsking søkjer deg som vil arbeide med oppdragsforsking knytt til områda klimapolitikk og berekraftig utvikling

Innan klima vil både klimatilpassing og utsleppsreduksjon vere aktuelle område. Innan berekraftig utvikling vil særleg reiselivsnæringa og bedriftsperspektivet vere sentralt. Vestlandsforsking har fagmiljø på klimasårbarheit, reiselivsforsking og IT og regional innovasjon og vi ønskjer å utvikle kunnskap i grensesnittet mellom dei tre områda. Vi arbeider tverrfagleg og ønskjer å inkludere faglege perspektiv frå fleire disiplinar. Forskarane deltek i regionale, nasjonale og internasjonale prosjekt, og stillinga kan difor innebere ein del reising.

Vi søkjer helst ein tverrfagleg orientert medarbeidar med erfaring frå forsking og med utdanning på doktorgradsnivå innan naturfag eller samfunnsfag, men også utdanning på  hovudfags-/mastergradsnivå vil bli vurdert. Det er ein fordel om du har arbeidserfaring innan offentleg sektor (planlegging, miljø) eller næringsliv (reiseliv). Du må vere initiativrik, sjølvstendig og må trivast med å arbeide oppdragsbasert, dvs tett opp mot brukarar i utviklingsprosjekt så vel som i meir tradisjonell forsking. Ved tilsetjing blir det lagt vekt på formell kompetanse, vitskapleg publisering, populærvitskapleg publisering og annan dokumentert forskingsinnsats, utgreiingsarbeid innan relevante fagområde og personlege eigenskapar. Som forskar må du vidare ha god formuleringsevne munnleg og skriftleg både på norsk og engelsk.

Vestlandsforsking kan tilby ein utfordrande jobb, gode samarbeidsnettverk, god kontakt med oppdragsgivarar og fagleg interessante og utviklande oppgåver. Vi har som mål å gi dei tilsette gode vilkår for fagleg og personleg utvikling. Vi kan tilby gode kontorlokale, triveleg arbeidsmiljø og samarbeid med ein velkvalifisert forskarstab i det nye Fosshaugane Campus. Du får stor fridom til å arbeide med det som interesserer deg mest, innan oppdragsverksemda.
Lønn etter avtale. Tilsetjingsvilkår etter gjeldande reglar ved Vestlandsforsking, m.a. tenestepensjon i KLP. Arbeidsstaden er Vestlandsforsking i Sogndal.

Meir informasjon får du hos:
•    Forskingsleiar Carlo Aall, tlf 99 12 72 22, caa@vestforsk.no
•    Direktør Agnes Landstad, tlf 91 54 66 10, ala@vestforsk.no

Søknad med CV kan sendast elektronisk til: post@vestforsk.no

Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar/anna dokumentasjon sender du til:
Stiftinga Vestlandsforsking, Postboks 163, 6851 SOGNDAL.

Søknadsfrist er 17. juni 2012

Stiftinga Vestlandsforsking er eit oppdragsforskingsinstitutt som utfører forskingsoppdrag for offentleg forvaltning og næringsliv nasjonalt og regionalt, for Norges Forskningsråd og innanfor EU sine programsatsingar saman med internasjonale samarbeidspartar. Vi er om lag 30 personar i eit spennande fagmiljø som arbeider med forsking innan klima og miljø, energi, reiseliv, regional utvikling og informasjonsteknologi. Vi held til i Fosshaugan Campus i Sogndal i Sogn og Fjordane. I Campus er vi lokalisert i eit aktivt og internasjonalt forskings-, utdannings-, idretts- og bedriftsmiljø med over 500 tilsette og eit aktivt studentmiljø, m.a ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sogn er kjend for fantastisk natur og gode forhold for aktivt friluftsliv sommar som vinter. Sogndal vart i 2011 kåra til Norges beste UTE-stad.