Innovasjon i Sogn og Fjordane? Invitasjon til seminar

Eit fylke med uendelege muligheiter, rikt på naturgitte føresetnader, med elevar som presterer best i skuleverket og som så søker høgare utdanning og spennande arbeidsplassar i næringslivet. Klarer vi nytte dei ressursane vi har til det beste? Kva ramme er det for innovasjon i grisgrendte fylke som Sogn og Fjordane? Korleis arbeider vi med innovasjon? Er ungdommen motivert for å arbeide og bu her?

Desse og andre spørsmål vil vi bringe til dagsorden når Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til seminar om innovasjon og innovasjonssystem i Sogn og Fjordane 23. oktober 2012.

I prosjektet VRI 2011-13 « Innovasjon i rurale områder – vilkår og barrierar» er vi opptekne av korleis vi legg til rette for innovasjon for å få best mulig utvikling i fylket.

Program og påmelding

Du må gjerne spre invitasjonen til andre du meiner har interesse av seminaret.

VRI står for Virkemiddel for regional FOU og innovasjon. Prosjektet VRI 2011-13 som er eit samarbeid mellom Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane, finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Norges Forskingsråd.  Innan VRI er det danna ein partnarskap der også Innovasjon Norge, LO og NHO med.