Linux 20 år

Ikkje før har pc-en feira 30 år (12. august 1981), så fyller Linux 20. Det er grunn til å gratulera både Unix, GNU og Finland med dette jubileet..

Tidfestinga av Linux' fødsel er vanskeleg, men 25. august blir vanlegvis rekna som starten. Då la nemleg finnen Linus Torvalds ut ei melding på forumet comp.os.minix der han melde at han arbeida med å utvikla eit fritt operativsystem for Intel-baserte pc-ar (den gongen 386/486-prosessorar og kompatible).

Linux og Minix
Linux hadde mange liknande trekk som Minix, eit Unix-liknande operativsystem for pc-ar. Minix var utvikla til undervisingsføremål av Andrew Tanenbaum ved Vrije Universiteit Amsterdam.

Linux er kjernen
Linux er namnet på kjernen i operativsystemet som stort sett alltid blir kalla det same. Richard Stallman, eksentrisk forkjempar for fri programvare, starta utviklinga av GNU ("Gnu is Not Unix") som eit operativsystem basert på Unix, men fritt tilgjengeleg utan bindingar (fri programvare). Stallman har heile tida påpeika at Torvalds i rettferdas namn bør kalla operativsystemet GNU/Linux, sidan veldig mykje av OS-et nettopp er basert på GNU. Han har unekteleg eit poeng.

Arbeidshesten Linux
Linux har hatt ei imponerande utvikling i dei 20 første åra. Det er berre på eitt område OS-et ikkje har slått skikkeleg gjennom: som reelt alternativ på pc-ar. Desktopen er den mest synlege plassen, og når ein ikkje lukkast der, kan det sjå ut som ein ikkje har fått det til. Men Linux er det føretrekte OS-et i mange "backoffice"-funksjonar. Mange verksemder brukar Linux til kjernesystem utan at dei veit om det, for brukarane kjem sjeldan eller aldri i direkte kontakt med systemet.

LAMP = Web
Ein viktig grunn til Linux' suksess er stabilitet og sikkerheit. Akronymet LAMP står for Linux, Apache, MySQL og PHP - den suverent mest brukte plattforma for web-tenester. Linux finst i mange variantar, dvs. i mange innpakningar. Det er både bra og dårleg. Det er bra fordi det er fleire alternative Linux-variantar å velja mellom. Ulempa er fragmentering, noko Unix har slite med heilt sidan starten tidleg på 1970-talet.

The Cathedral & The Bazaar
At eit kritisk system som Linux kan bli utvikla på den måten det har, men tusenvis av frivillige bidragsytarar, er nesten ikkje råd å tru. Det krev sjølvsagt knallhard kontroll, og Linus Torvalds kontrollerer utviklinga av kjernen gjennom vervet sitt i Linux Foundation. Likevel er Linux eit fascinerande eksempel på kor langt eit open source-produkt kan nå. I boka "The Cathedral & The Bazaar" gir Eric S. Raymond eit interessant innblikk i open source-miljøet og hacker-miljøet - "hacker" her forstått som ein heiderstittel. Boka "må lesast" av alle med litt interesse for fri programvare generelt, og Linux spesielt.