Informasjon om klimasårbarheit med m.a. rundtur i Sogndalsfjøra

Norsk Bremuseum i Fjærland, NVE og Vestlandsforsking samarbeider om eit arrangement i samband med Forskingsdagane der informasjon om klimasårbarheit og klimaendringar står i fokus. Dette er eit todelt arrangement som startar i Fjærland og blir avslutta med ein rundtur i Sogndalsfjøra. Dato er 23. september.

I Fjærland er elevar i grunnskulen invitert til klimadag med omvisning på  Norsk Bremuseum og ekskursjon til Suppehellebreen.

Fredag ettermiddag (23.09.) blir det stand i parken i Sogndal der personar frå NVE, Norsk Bremuseum og Vestlandsforsking vil svare på spørsmål. Det blir også ei guida klimavandring i Sogndalsfjøra for dei som ynskjer det.

Arrangementet i Sogndal startar kl 16.00 med rundtur kl 17.00.

Meir om arrangementet