Høyringsuttale om felleskomponentar

Her er Vestlandsforsking sin høyringsuttale i samband med Difi sin rapport "Nasjonale felleskomponenter i offentlig sektor".

Vestlandsforsking sender med dette eit høyringsinnspel til rapporten ”Nasjonale felleskomponenter i offentlig sektor”.

Hovudinntrykket vårt er ein god, grundig og konkret rapport som gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet med etablering av felleskomponentar. Særleg er forslaga til styring, forvaltning og finansiering viktige. Vi vil likevel leggja mest vekt på dei sidene ved forslaget som ligg nærast kjernen i e-forvaltning, sidan det er der vi har størst kompetanse.

Føreslegne felleskomponentar
Dei fem komponentane som er føreslegne, verkar fornuftige. Det er system av stor betydning for mange, og ei betre tilrettelegging for bruk har eit stort potensial for å effektivisera datautveksling mellom verksemder og sektorar. Det vil også leggja tilhøva til rette for meir brukarvennlege tenester og it-system frå det offentlege.

Dei fem føreslegne komponentane er ganske ulike i oppbygging og innretning, og det kunne vore eit poeng å drøfta dette noko meir (meir om dette under teneste-diskusjonen). Altinn og eID er ganske ulike dei tre andre felleskomponentane som er svært transaksjonsorienterte og stort sett vil bli brukte til databaseoppslag. Vi er i tvil om Altinn bør handsamast som ein felleskomponent. Etter vårt syn er dette heller ein distribuert plattform. Også eID/ID-porten har ein annan karakter enn dei tre nemnde transaksjonsorienterte komponentane. Vi saknar ein diskusjon av skilnadene og konsekvensane av desse.

Med bakgrunn i målet om rask nytte ved å først plukka frukta som heng lågt, trur vi det ville vore klokt å inkludera også enklare komponentar. To mulege komponentar som Difi sjølv har styring med, er etatsbasen (kontaktinformasjon for offentlege verksemder) og Los (vokabular for offentlege tenester). Desse to systema kunne relativt enkelt gjerast tilgjengeleg som felleskomponentar. Los er alt ein slik komponent, og manglar berre fullføring av tidlegare planar for å vera heilt klar.

Ein annan ting er grenseflatene mellom føreslegne felleskomponentar. Adresser i Einingsregisteret og adresser i Matrikkelen er eksempel på felles informasjon i ulike basar. Dette bør utdjupast meir.

Det vanskelege tenestebegrepet
Først vil vi gi ros for å problematisera begrepet tenester. Som regel blir dette begrepet brukt utan ei skikkeleg drøfting av innhaldet (også tidlegare Statskonsult gjorde seg skuldig i dette då dei la fram rapporten ”Til tjeneste” i 2001 utan å definera begrepet).

Det blir heilt rett skilt mellom myndigheitsutøving og tenesteyting som til saman rommar offentlege oppgåver. Men når det så blir hevda at ”Med elektroniske tjenester menes offentlige oppgaver der hele eller deler av arbeids- eller kommunikasjonsprosessen som ligger til grunn for oppgaveutførelsen er understøttet av datamaskinsystemer.” blir det ei logisk feilkopling. Då blir elektroniske tenester mykje vidare enn tenestebegrepet i seg sjølv, og vi meiner det blir feil. Det er dette som etter vårt syn er eit av hovudproblema i dagens diskusjon om e-forvaltning: elektroniske tenester blir brukt som begrep på alt frå skjema til aktuelle tenester, og begrepet får ein altfor vid definisjon som gjer at det etter kvart ikkje blir brukande til noko. Elektroniske tenester må etter vårt syn vera eit subsett av begrepet tenester, det kan vanskeleg romma meir enn hovudbegrepet.

Vi meiner det er viktig å skilja dei ulike delane av det som utgjer ei teneste, og å kalla desse ved det rette namnet. Dersom ein del av dialogen om ei teneste er eit skjema, så må det kallast eit skjema, og ikkje ei elektronisk teneste.

Så kan vi spørja: er det så nøye? Folk flest forstår kva ein meiner enten ein kallar det ei elektronisk teneste eller ein eit elektronisk skjema, men datamaskiner treng eksplisitte og utvetydige definisjonar. Utan slik presisjon kan vi aldri oppnå god elektronisk samhandling (interoperabilitet).

Vi vil tilrå at Difi går ein ny runde i forsøket på definisjon av begrepet elektroniske tenester. Vi vil gjerne bidra med bakgrunn i forskingsarbeidet vårt og publisering av artiklar om emnet (pågåande arbeid). I den diskusjonen vil det også vera fruktbart å skilja mellom ulike typar tenester (transaksjonstenester, informasjonstenester osv.).

Tenesteorientering og felleskomponentar
Stortingsmelding 17, ”Eit informasjonssamfunn for alle”, er utgangspunktet for dette arbeidet og den meldinga skisserer også prinsippa for ein felles ikt-arkitektur for offentleg sektor, bygd på prinsippa om ein tenesteorientert arkitektur (SOA).

Prinsippa for tenesteorientert arkitektur er til forveksling lik omtalen av komponentar, og frå ein ikt-ståstad blir det vanskeleg å skilja tenester frå komponentar gitt dei føreslegne felleskomponentane. Komponentar har på ei anna side mange fellestrekk med begrepet ”objekt” i objektorientert programmering. På mange måtar er SOA ein ”objektorientert måte” å handtera kommunikasjon på. Den inneber eit klart skilje mellom interne detaljar og ytre grensesnitt og føreset at den som kommuniserer med objektet/komponenten/tenesta ikkje treng å vita noko om dei interne samanhengane så lenge det ytre grensesnittet er godt definert. Dette skiljet gjer interne endringar uavhengige av ytre tilkopla einingar.

Vi kunne tenkt oss ein grundigare diskusjon om felleskomponentar i dette lyset, og framfor alt ein diskusjon om viktige prinsipp for grensesnittet mot komponentane.

Felles elektroniske adresser
Ei oversikt over elektroniske adresser er viktig, men vi meiner adressebegrepet er tenkt litt for snevert her. Med ein forventa sterk auke i meir semantisk orienterte løysingar, er det også behov for oversikter over autoritative URI-register. Det kan vera URI-register for personar, verksemder, adresser ++. Vi vil tilrå å tenkja vidare og meir framtidsretta på dette punktet.

 

Med helsing

Agnes Landstad (sign.)

direktør

 

Svein Ølnes (sign.)

forskar