Google i trøbbel

Google er suverene på søk, men stadig fleire uheldige eksempel på lureri (spam) skadar søkegiganten. Dersom det ikkje hadde vore så stor avstand til konkurrentane, kunne dette vore tidspunktet der kongen vart kasta.

Dei mange avsløringane av juks skadar Google, og det er ikkje første gangen dette blir avslørt. Problemet for Google er at dei ikkje klarer å rydda opp, og det er også eit stort spørsmål kor interesserte dei er i å gjera det. Dei er på mange måtar i eit skjebnefellesskap med SEO-aktørane (Search Engine Optimization).

For meir enn 10 år sidan var synlege nettsider noko vi arbeidde ein god del med ved Vestlandsforsking. Det var før søkemotor-optimalisering vart ”big business”.

I prosjektet ”Sognefjord.no” var meir synlege nettsider eit viktig mål. Alt den gangen, i 2003-2004, såg vi at det var mykje juks i bransjen. Vi studerte mellom anna alle dei beste søkeresultata for søkeordet ”fjord”, og såg at dei fleste av dei 10 første treffa, brukte ”uetiske” metodar.

Når ein ikkje kjenner algoritmane, og ikkje har særleg mulegheit for påverknad, er det vanskeleg å nå fram med ærlege metodar. Det er synd for dei som prøver å halda moralen høgt, men på lang sikt er det mest skadeleg for Google og andre søkemotorar som er plaga av det same problemet.

Les meir om problema til Google på Sveins blogg.