Farvel til det enkle hyttelivet

Nye hytter er nesten like store som hus og dei sluker like mykje straum. Nordmenn har mista sansen for det enkle friluftslivet, meiner Carlo Aall i oppslag i Aftenposten 16. august

Funna bygger på ein tidlegare rapport, den første kartlegginga av miljøbelastninga frå nordmenns fritidsforbruk, og den oppfølgande studien om drivkreftene bak fritidsforbruket, Friluftsliv og berekraftig utvikling. Hytte, fritidsbåt og friluftsliv var dei tre fritidsaktivitetane som vart undersøkte. Ein vitskapleg artikkel med hovudfunna vil i løpet av året kome ut i eit spesialnummer av Leisure Studies om miljø og fritid.

Sjå artikkelen i Aftenposten: Vi har tatt farvel med det enkle hyttelivet