Å dyrke idear i staden for å samle svar

Forskarar elskar spørjeundersøkingar. Lurar ein på noko så er spørjeskjemaet noko av det enklaste og tryggaste å ty til. Men ofte blir det ikkje særleg resultat av spørjeundersøkinga fordi spørsmåla blir stilt feil, for få svarar eller spørsmåla og svaralternativa ikkje er relevante.

Her på Vestlandsforsking har me difor erfart at for å lukkast med spørjeundersøkingar trengs det få spørsmål, og motivasjon («tvang» eller «smøring», også kalla «prosjekt-deltaking» og «premie»).

Nye løysingar for å betre samle folk sine idear og meiningar er difor hjarteleg velkomne. Så når «Tastaturlaget» (bedriftsidrettslaget til Vestlandsforsking), skulle finne ut kva som kunne gjerast for å få forskarane meir i aktivitet, tok eg i bruk ein ny metode og programvare for å «dyrke idear». «All Our Ideas» er ein metode og programvare utvikla ved Princeton-universitetet i USA som let dei som svarar vere med på å bestemme kva dei svarar på, på ein open og enkel måte.

Eg spurde «kva er gode måtar å gjera VFarane meir fysisk aktive?» saman med nokre alternativ til å byrje med, og let andre tilsette stemme på dei og komme med eigne idear.

Resulatet vart at storparten av ideane/spørsmåla som var mest populære vart føreslegne av kollegaer (sjå illustrasjon under). Dei fem mest populære tiltaka vart:

  1. Arrangere flere felles turer sommer som vinter, vår som høst [86 poeng]
  2. Gjere garderobetilhøva betre [84 poeng]
  3. Betale medlemskap på idrettssenteret [82 poeng]
  4. Hver produsert artikkel krever en fysisk prestasjon [75 poeng]
  5. Fordele ansvar for å finne på morsomme treningsalternativer / Felles treningstid, ulike aktiviteter / Sette av arbeidstid til fysisk aktivitet [67 poeng alle saman]

For å teste systemet hadde eg laga to alternativ som eg rekna med ikkje ville vere populære, og dei vart då også rangert til slutt:

  • Leggje ned tastaturlaget [7 poeng]
  • Endre namnet på tastaturlaget [5 poeng]

All Our Ideas er fri programvare, du kan difor fritt ta det i bruk eller vere med å utvikle det, til dømes ved å bidra til nynorsk omsetjing.

Opprinnelege idear og nye idear etter score