Vestlandsforsking publiserer i opne tidsskrift

Forskarane Carlo Aall og Idun A. Husabø har nyleg fått publisert artikkelen "Is Eco-Efficiency a Sufficient Strategy for Achieving a Sustainable Development? The Norwegian Case" i det opne tidsskriftet Sustainability.

Artikkelen finn de her

Opne forskingsresultat

I forskingsmiljøet har det den siste tida vore mykje diskusjon om opne, tilgjengelege forskingsresultat. Det har vorte hevda at med stort sett offentleg finansiering av forskinga, bør det vera sjølvsagt at resultata er ope tilgjengelege.

Den vanlegaste måten å publisera resultat av forskingsarbeid er etter kvart gjennom skriving av artiklar som så blir publiserte i vitskaplege tidsskrift. Problemet er at dei fleste tidsskrifta krev overføring av opphavsrett til artiklane og dei blir difor berre tilgjengelege i dei aktuelle tidsskrifta.

Open Access som alternativ

I dei seinare åra har det vakse fram opne tidsskrift som eit alternativ til dei tradisjonelle lukka tidsskrifta. Dei opne tidsskrifta, kalla Open Access, vil stort sett leggja ut artiklar fritt, og ofte med ein lisens som lettar gjenbruk og vidare bearbeiding. Den mykje omtalte artikkelen om fossilet ”Ida” med m.a. forskar Jørn H. Hurum, vart til dømes publisert i det opne tidsskriftet PLoS One.

Opphavsrett

Opphavsrett er eit vanskeleg tema. Når det blir hevda at forskingsresultat må vera opne når finansieringa er offentleg, er det viktig å vera klar over at opphavsretten gjeld presentasjonsforma, ikkje rådata. Forskingsresultat forstått som data innsamla i forskingsarbeidet, er alltid ope og ikkje verna av opphavsretten.

Retningslinjer for opphavsrett ved Vestlandsforsking

Ved Vestlandsforsking har vi også diskutert opphavsrett og komme fram til retningslinjer for instituttet. Retningslinjene for opphavsrett byggjer på idé- og verdiggrunnlaget vårt om kunnskapsdeling og mest muleg openheit. Eit resultat av dette er at forskarane blir oppmoda om å publisera i opne journalar (open access) og at all informasjon på www.vestforsk.no og andre nettsider Vestlandsforsking eig, skal lisensierast med ein Creative Commons-lisens (CC by 3.0) om ikkje anna er nemnt. Forskarane har likevel opphavsrett til eige arbeid, men her gjeld også at arbeidsgjevar får rettar knytt til åndsverket i den grad det er naudsynt for utføring av arbeidet.

Creative Commons er ein ny lisenstype som i motsetnad til vanleg opphavsvern gjev meir rom for fleksibilitet. I staden for "all rights reserved", blir det "some rights reserved". Creative Commons er spesielt utforma for internett-publisering og tek på alvor det nye mediet. På snaut 10 år har lisenstypen fått ein omfattande bruk, og bruken er også sterkt aukande. Det er utforma ei norsk omsetjing av CC-lisensane, den kan studerast på www.creativecommons.no.

Vestlandsforsking sine retningslinjer for opphavsrett seier også at programvare utvikla av oss, skal lisensierast med BSD-lisens eller tilsvarande. Det er ein lisenstype for fri programvare som legg få hindringar i vegen for gjenbruk. Dei fullstendige retningslinjene er tilgjengelege her.