Seminar om opne data og samhandling
Vestlandsforsking inviterte saman med Norstella til seminar om opne data og samhandling i offentleg sektor, torsdag 10. juni. Seminaret var ein del av arbeidet i Ressursnettverk for e-forvaltning, eit nettverk finansiert av Forskingsrådet gjennom Verdikt-programmet.
Introduksjon
Seminar om opne data og samhandling vart arrangert 10. juni 2010 frå kl. 09.00 til 12.15. Seminaret vart kringkasta samtidig på nettet, og denne sida fungerar no som eit arkiv over kringkastinga. Denne sida viser også programmet slik det til slutt vart.
Kringkastinga har vorte motivert av arbeidet med prosjektet "Kunnskap kryssar grenser" som Vestlandsforsking deltek i. Takk til Høgskulen i Sogn og Fjordane for lån av audiovisuelt utstyr.
Teknisk
Problem med videoen? Du kan opna videostraumen direkte med til dømes VLC. Sjå elles Wikipedia sin guide.
Arkiv
Original innleiing
I den siste tida har tilgjengeleggjering av offentlege data fått stor merksemd. USA ved den nye Obama-administrasjonen starta det heile med si data.gov-teneste, og andre land har sett i gang liknande tiltak. Her i landet vart data.norge.no offisielt opna 15. april i år. På seminaret får vi presentert planar for denne tenesta frå regjeringa (FAD), forslag til offentlege data som bør publiserast og eksempel på korleis offentlege data bør tilretteleggjast for best muleg gjenbruk.
Tid: 09.00 - 12.00 (men frukost frå 08.30)
Stad: Holbergs Terrasse, auditoriet, Stensberggt. 27
Påmelding: Gratis deltaking, men påmelding til Norstella
Saman med kringkastinga var det ein twitterboks for emneordet #offdata. Dette er emneordet er i jamnleg bruk og boksen er difor teken bort, men du kan sjå kva som blir skrive om #offdata med eit Twittersøk.
Program og videoar
09.00 - 09.15 | Opning – Kva er Ressursnettverk for eForvaltning og NorStella? Svein Ølnes, Vestlandsforsking og Arild Haraldsen, Norstella |
09.15 - 09.35 | Frå Altinn til alt ut? Christine Hafskjold, Teknologirådet |
09.35 - 09.55 | Frå ”open data” til ”linked data” Stian Danenbarger, Bouvet |
09.55 - 10.15 | Regjeringas arbeid med opne data Sverre Andreas Lunde-Danbolt, FAD data.norge.no |
10.15 - 10.30 | Spørsmål og svar |
10.30 - 10.45 | Kort pause, beinstrekk |
10.45 - 11.05 | Forslag til standardar for definisjonsarbeid i offentleg sektor David Norheim, Computas |
11.05 - 11.25 | Standardisering og semantisk interoperabilitet - minimumskrav for digitaliseringsprosjekt Robert H.P. Engels, ESIS og Vestlandsforsking |
11.25 - 11.45 | Samhandling i offentleg sektor. Kva blir bidraget frå Semicolon II? Terje Grimstad, Karde |
11.45 - 12.00 | Frislepp av nasjonale masterdata! Demonstrasjon av masterdata frå Føretaksregisteret som Linked Open Data (LOD). Per Myrseth, DnV |
12.00 - 12.15 | Spørsmål og svar Avslutning |