Oddvar Flæte: Vi treng Vestlandsforsking

Oddvar Flæte er fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Godt å sjå viktige samfunnsaktørar utvikle seg. Eg var så heldig at eg fekk bere fram ei helsing også på 10-årsdagen. Da var det ein fersk organisasjon. Nå er den ein ungdom i sin beste alder.  Ein etablert og trygg ungdom.

Vestlandsforsking har alltid vore flinke til å la fantasien bli para med realistiske framtidsplanar. Institusjonen representerer noko av det vi som fylke er mest opptekne av: Spisskompetanse, bruk av høgare utdanning, forsking og god formuleringsevne. Derfor evnar de å setje dagsorden på sentrale tema innan fagfelta dykkar. Derfor er de kompetansesenter på desse fagområde. Allkunnskapen let de andre ta seg av.

Dei neste  åra treng vi framleis eit regionalt forskingssenter som er opptekne av miljø, endring og nyskaping, brukarvennlege IT-system og berekraftig reiseliv.

Men vi treng noko meir – ein organisasjon som stadig utviklar seg og bidrar til at omgivnadene gjer det same. Vi treng eit Vestlandsforsking som utviklar si evne til ikkje sjå grenser. Som evnar å  leite fritt etter ulike alliansar.  Alliansar som like godt kan komme i Kina som i Bergen. Det handlar om å sjå kva organisasjonen er best tent når dagsordenen skiftar.

Vestlandsforsking må vere forankra i fylket, men ikkje slå anker.

Vi treng den urolege organisasjonen som leitar etter nye oppgåver, nye samfunnsområde, nye marknader.

Inntektene blir i stor grad basert på oppdrag. Eg trur det er sunt. Men eg trur også oppdragsforsking er utfordrande: Levere det som objektivt er rett og ikkje dei svara som den som betaler ønskjer. Men den som klarar å forvalte den objektive ståstaden, vil også vere vinnaren. Det er flust av dei som dansar etter oppdragsgivar si pipe.

Difor bli framleis strategisk leiarskap viktig både for leiinga og heile organisasjonen. Det handlar om å samarbeide, sjå seg sjølv i spegelen, og framfor alt stire ut og spørje  – korleis kan ein agere betre for sine kundar slik at dei bli meir konkurransedyktige.

Samfunnet omstiller seg i akselererande tempo. Prosessane startar ikkje  i Norge, men vi lever i eit internasjonalt samfunn som gir oss føresetnader som vi langt på veg må tilpasse oss. For eit fylke som Sogn og Fjordane har vi enda færre val. Vi må ta konsekvensar av andre sine konklusjonar og marknader som vi i liten grad påverkar. Men vi har eit handlingsrom. Det må vi definere og utnytte for å vere i forkant.

Vestlandsforsking har ikkje leiarskapet i slike prosessar, men de kan bli enda meir sentrale som premissgjevarar og rådgjevarar for politiske, administrative og bedriftsøkonomiske einingar.

Det krev vidsynte personar med evne til å tenkje strategi, og som snøgt kan snu seg rundt. Strategisk leiarskap er eit spørsmål om å overleve i eit samfunn som snurrar stadig snøggare. Strategisk leiarskap handlar om å setje dagsorden, ta initiativ og å leggje premissane for dei som i gitte situasjonar skal bestemme.

Eit forskingssenter skal ha så gode tenkjarar at det er i stand til dette, det skal spele inn impulsar til samfunnet det lever i og stille kritiske spørsmål til makthavarane. De skal setje opp spegelen for oss.

Vi treng premissgjevarar, vi treng tvisynte tenkjarar, vi treng idemakarar, vi treng provokatørar, vi treng fantasi og romsleg tankesett. Og vi treng forskarar som skriv og snakkar med utgangspunkt i faget sitt og ikkje tittelen.

Vi treng Vestlandsforsking.