Marte Lange Vik: Ung og ny på VF

Marte Lange Vik starta som trainee ved Vestlandsforsking hausten 2008.

Marte Lange Vik:

Det at eg hamna i Sogndal for snart to år sidan, var eigentleg ganske tilfeldig, sett frå min ståstad. I innspurten av skriving av masteroppgåva tok verkelegheita innpå meg, og eg skjønte at eg måtte leggje inn ei breiside for å skulle ha noko å sysle med også etter sommaren, etter Innleveringa. Sjølv om det verka langt fram sette eg meg ned framfor internettet på seinvinteren.

Sidan eg ikkje hadde nokre familiære plikter nokon stad, var eg open for å flytte på meg. Ei venninne av meg hadde flytta til Sogndal året før, så då eg tilfeldigvis fann sidene til TraineeSFj med ei masseutlysing, tenkte eg at eg like godt kunne sende inn ein søknad. Det var jo nokre interessante stillingar blant dei, og eg slapp å spisse søknaden veldig. Då kunne nokon andre gjere valet for meg. Det er ei god løysing når ein sit og lurar på kva ein skal bruke 18 års skulegang til.

Overraskinga var likevel ganske stor då eg kort tid etter fekk e-post frå Siri i administrasjonen på Vestlandsforsking, med spørsmål om eg ville stille til intervju. Mitt første intervju. Det kribla i magen. Vel tykte eg det var stas å skrive masteroppgåve, å grave seg ned i eitt tema, å bli ekspert. Men forskar? Meg? Eg hadde vel ikkje sett for meg det i første rekke. Kanskje heller noko forvaltingsrelatert. Men kvifor ikkje? Dersom dei ville snakke med meg, ville eg gjerne snakke med dei. Så eg gjorde sjølvsagt det.

Etter intervjuet tok det heller ikkje lang tid før sjølve direktøren ringte, med beskjed om at dei gjerne ville ha meg.  Hjertet gjorde eit hopp. Av glede fordi dette var ei tillitserklæring. Eit jobbtilbod. Til meg. Men samtidig søkk det i meg. Skulle eg flytte til Sogndal?  Eg budde jo i Oslo. Kva med venene mine og livet mitt der?

Dagane som følgde var fylde av mange tankar, og lite konsentrasjon om masteroppgåva. Eg hadde nokre fleire intervju, nokre unnagjort, andre komande. Alle til ulike jobbar. Spørsmålet om kva jobb eg ønskte meg var langt framme - ville eg bli organisasjonsarbeidar, forvaltar, forskar… eller lærar? Og for kvart intervju måtte eg omstille meg. Prøve å setje meg inn i kva jobben faktisk ville vere. Det tok ikkje lang tid før eg skjønte at det var om å gjere å ta eit val. Eg kom uansett ikkje til å få svar på alle intervjua før eg måtte gje svar til Vestlandsforsking. Så ein ettermiddag med vår i lufta tok eg sats med begge beina og ringde til direktøren. Ja takk. Til jobb. Til forskarkontor. Til Sogndal. Eg hadde aldri i heile mitt liv sett føtene mine der. Kva var Sogndal?

Stereotypien av bygde-Noreg er ein fråflyttingtrua tettstad med høg gjennomsnittsalder og nokre få småbarnsfamiliar med foreldre i starten av 20-åra, dårleg kulturtilbod og store hindringar for å bli akseptert. Det var tider då eg ønskte at Vestlandsforsking skulle ligge i Førde. Førde hadde i alle fall bystatus. Men samtidig var det fleire rundt meg som hadde eit godt forhold til Sogndal, og nokre sa til og med at dei skulle ønskje dei var i mine sko.

Då eg sette føtene mine i Sogndal for første gong, ein tidleg morgon i slutten av mai for to år sidan, blei eg slått tilbake av kor vakkert det var. Her var det fjell og fjord. Barndomen på Sunnmøre kom raskt tilbake. Eg hadde sakna dette. Og kontrastane – blå himmel, grøn mark, mørke fjellsider og, som prikken over i-en, lyse rosa fruktblomar. Idyll.

Kvardagen som følgde frå august var likevel ikkje berre idyll. Overgangen frå Oslo til Sogndal var stor, og timane på ettermiddagane var lange. Eg måtte lage fleire faste rutinar for å få tida til å gå. På jobb var det krav om timeføring og produksjon. Også det ein overgang frå studentlivet på Ås. Korleis kunne eg nytte det eg hadde lært av teoriar i kvardagen min på VF? Korleis kunne eg, som alltid berre hadde lært ting, plutseleg vere ein ”ekspert”?

For nokre veker sidan var eg Vestlandsforsking sin representant på Framtidsfylket si karrieremesse i Oslo. Ei messe som samlar mange utflytta sogningar, men som også fangar opp snart-ferdig-utdanna studentar frå andre kantar av landet. Det slo meg at overgangen frå min tilsvarande situasjon for to år sidan har vore stor. Eg er ein annan stad no. Eg veit meir. Læringskurva har vore bratt. Når eg skal presentere Sogndal, kan eg fortelje at miljøet her er rikt, også for uetablerte, høgt utdanna i overgangen mellom  20- og  30-åra. Det er mange av oss. Så mange at eg ikkje MÅ vere saman med den same harde kjerna kvar dag. Det er lett å få nye venner. Og moglegheitene er mange. Når eg vil, kan eg gå på fjell og skli eller springe ned att; klatre inne eller ute, i fjell eller is; sykle ute eller inne. Andre tider, når eg ikkje er så interessert i å utfordre ekstremsportgrensene mine, finst det kor, kunstlag og boksirklar. Studentsamfunnet Meieriet har ei konsertscene som er framheva som Noregs beste av mange velkjende band, og ho er ofte besøkt. Sogndal har eigen kino, og Riksteatret kjem stadig innom på fleire av sine turnear. Sogndal har sjølvsagt ikkje alltid alle valmoglegheitene som Oslo har, men det skjer nok her til at ein aldri treng å keie seg. Men ein kan viss ein vil. Keie seg altså. Fritt val.

På jobb er situasjonen også ein annan enn då eg kom. Det har kome fleire nytilsette, og dei fleste er som meg, tilflyttarar utan familie. Vi er alle nye. Vi er alle forskarar. Med ulike fagbakgrunnar, men med dei same utfordringane. Balanseringa av tid til å samle inn data, tid til fordjuping og lange tankar og tid til å formidle det vi finn, tykkjer eg er utfordrande og morosam. Det på same tid artigaste, og vanskelegaste med jobben som forskar på Vestlandsforsking er sjansane vi har til å forme kva vi sjølv skal arbeide med. Vi må lage nye prosjekt, hente ny finansiering. Vi må sjå kva behov som er i samfunnet eller i næringslivet. Vi må forstå kva vi sjølve kan bidra med, og til slutt må vi bruke kvarandre.

Og når det gjeld Vestlandsforsking si plassering i fylket har eg berre ein kommentar: Eg er sjeleglad for at vi held til i Sogndal, og ikkje i Førde. Skal ein først flytte til Sogn og Fjordane er noko av sjarmen å bu på bygda!