Jan Per Styve: 25 år – og all grunn til å vere stolt!

Jan Per Styve var direktør ved Vestlandsforsking frå 1.1.91 til 1.8.97.

Jan Per Styve:

Det var mange som rynka på nasa og rista på hovudet då Vestlandsforsking vart etablert i 1985 - langt inne i Sognefjorden i eit lite utkantfylke. Men i dag står beundrarar og gratulantar i kø… Når eg no høyrer Vestlandsforsking omtala rundt om i landet, framstår de som eit høgt respektert forskingsmiljø. Det er elles rart å tenkje på at då eg kom til Vestlandsforsking i 1991 hadde vi verken epost eller internett. Merkeleg nok klarte vi oss godt då også!

Eg var så heldig å få vere direktør nr. 3 – i perioden 1. februar 1991 til 1. august 1997. Det var ei spennande, krevjande og lærerik tid! På eit vis kom eg til duk og dekka bord. Mykje var på plass etter 6 travle oppstartsår. Men som dei to tidlegare direktørane måtte også eg raskt organisere flyttesjau – frå Stenehjembygget til Fossbygget.

Då eg kom i 1991 hadde Vestlandsforsking alt klart å bygge opp ein fagleg soliditet og rimeleg god tilgang på oppdrag. Men relasjonane til samfunns- og næringsliv i Sogn og Fjordane måtte bli betre. Vestlandsforsking profilerte seg også svært lite utad. Dette klarte vi å snu heilt om. Etterkvart vart vi lokalavisene og NRK Sogn og Fjordane sin yndling, vi fekk eit godt tilhøve til fylkeskommunen – og endåtil NHO tykte etterkvart vel om Vestlandsforsking. Metodane våre var mangslungne – og av og til litt i friskaste laget for forskarane: Vi inviterte stortingsrepresentantane frå fylket til sommarjobb i VF, vi sendte ut friske pressemeldingar, barnehagane kom og pynta juletreet vårt,– og vi brukte oppdraget som EU-infosenter for alt det var verdt. Og mangt og mykje meir av påfunn og oppstyr. (Vi vart endåtil nesten kåra til Norges beste kvinnelege arbeidsplass av Kvinner og Klær!) Effekten var god. Det gav resultat. Det merka vi ikkje minst av oppslutning, godord og interesse då VF feira 10 år i 1995.

Ei anna utfordring handla om kompetanse. Korleis skaffe forskarar med doktorgrad? Eg kom oppglødd og optimistisk tilbake frå eit møte i Forskningsrådet og inviterte leiargruppa til diskusjon om korleis vi skulle få dette til. ”No må du hugse på at vi er i Sogndal – ikkje i Oslo”, fekk eg høyre då. Men etterkvart kom vi i gang. Wiggo Hustad disputerte som den første, og fleire kom til. No er det visst slik på VF at det er like naturleg å ta doktorgrad som å spise lunsj. Det er flott! (Rett nok er det visst ikkje alltid at travle fakturerande forskarar tar seg tid til å spise lunsj…).

Instituttsektoren vart også tidleg på 90-talet utfordra på internasjonalisering. Eg hugsar at eg tidleg sendte ein litt skeptisk forskingsleiar i IT-gruppa til Brüssel for å utforske korleis vi kunne kome oss med i EU sine forskingsprogram. Eg trur ikkje nokon då kunne forestille seg at Vestlandsforsking i løpet av få år skulle utmerke seg som eit av institutta med flest internasjonale prosjekt. (Det gjekk rykter om at vi på eit tidspunkt hadde fleire EU-prosjekt enn Universitetet i Oslo, men det kan sjølvsagt skuldast at leiinga ved UiO ikkje hadde oversikt. Dei har visst ikkje det der inne.)

I mine siste år på VF prøvte vi å få i sving ei avdeling i Bergen i samarbeid med Høgskolen i Bergen. Eg meiner fortsatt ideen var svært god. Uheldigvis var Høgskolen i Bergen for passiv i sine bidrag for å skape eit prosjektgrunnlag, og Vestlandsforsking hadde ikkje økonomiske musklar til å støtte opp gjennom ein lengre ”gründarperiode”. Hadde ein holdt ut eit år til, er eg sikker på at dette kunne blitt ein suksess.

Då eg kom til Bergen i 1997 – som direktør for regional utvikling i Hordaland fylkeskommune, oppdaga eg fort at byen hadde mykje – men mangla eit leveringsdyktig oppdragsforskingsmiljø à la Vestlandsforsking. Fortsatt saknar eg det, sjølv om vi har nok av forskingsmiljø. Men ingen er så dyktig innretta på oppdragsforsking som instituttet i Sogndal. Sikkert derfor fylkeskommunen i Hordaland innimellom bestiller tenester nettopp frå Sogndal, og får framifrå bistand.

Overgangen til Bergen i 1997 bydde på fleire overraskingar. Eg kom frå eit miljø der epost og internett var heilt naturlege hjelpemiddel – til ein stor fylkeskommune der så godt som ingen hadde erfaring med slikt. I starten hadde eg litt heltestatus her på huset fordi eg jobba hardt for å få innført  både epost og internett. (Eg vågde ikkje fortelje at vi i si tid hadde almannamøte på Vestlandsforsking med voldsomme diskusjonar om korvidt windows-konseptet eigentleg var noko å satse på -.)

Eg skal ikkje leggje skjul på at det også var krevande å drive eit forskingsinstitutt i bygda Sogndal. Særleg galdt det rekruttering. Høgskulen var ikkje den rekrutteringsbasisen vi hadde håpa på, og gode forskarar med flytteplanar vaks ikkje på tre. Krava frå forskingsrådet gjorde også at vi etterkvart måtte stille stadig større krav til dei vi skulle rekruttere. Eg minnes enno eit oppslag i Sogn Avis der styreleiar Per Ytrehus og eg sto fram og fortalte om rekrutteringsproblema våre. ”Vi er ute etter dei beste forskarane”, var visst overskrifta. Det vart bråk på huset etterpå. – Er ikkje vi gode nok vi som alt er her, vart det spurt.
Men vi lykkast no på eit vis med å skaffe nye medarbeidarar. Så vidt eg hugsar hadde vi omlag 30 tilsatte på VF-huset midt på 90-talet.

Sjølv om eg no er blitt ”bymann”, bankar hjarta mitt fortsatt sterkt for Sogn og Fjordane – og eg nyttar ofte høvet til å skryte over kor mykje bra det er i det fylket. Og alle som fortsatt jobbar og slit med forsking, fakturering og administrering på Vestlandsforsking har all grunn til å vere stolte over kva det har fått til! Gratulera så mykje med 25 år!!