Bjørn L. Tønnesen: Den aller første tida og litt om EF

Bjørn L. Tønnesen var direktør i Det Regionale Høgskulestyret og ein av pådrivarane for oppretting av eit forskingsinstitutt i Sogn og Fjordane. På fritida er Bjørn ein ivrig bakar, jfr. bilde.

Bjørn er på fritida ein ivrig  brødbakarGratulerer med 25 års drift med mange viktige forskingsbidrag til glede for fylket og storsamfunnet og gratulerer med betre resultat og lysare utsikter enn på lenge!

Direktør Agnes utfordra meg på eit innlegg om den sokalla EF-databasen. Først nokre ord om den aller første tida.

Det regionale høgskulestyret for Sogn og Fjordane gjorde opptakten til Vestlandsforsking på eit møte i september 1983. Høgskulestyret sette da ned eit utval på 14 personar for å greie ut spørsmålet om etablering av ei forskingsstifting. Leiaren i høgskulestyret, Dagfinn Hjertenes, vart med i utvalet og utvalet peikte seinare ut han som formann – ordet leiar var vel lite brukt på den tida.

Georg Arnestad (som representerte Forskingsformidlingsprosjektet ved distriktshøgskulen) og underteikna (som var direktør/sekretær for høgskulestyret) fekk sekretærfunksjonen for utvalet. Innstillinga vart lagt fram for Høgskulestyret i mai 1984 og vart då sendt på høyring, samstundes som Sogn og Fjordane fylkeskommune vart beden om å stå for etablering av forskingsstiftinga. Av vedtaket går det òg fram at formannen og  direktøren hadde starta arbeidet med å skaffe midlar til eit grunnfond.

Som kjent tok fylkeskommunen utfordringa og 6. mars oppnemnde  Fylkesutvalet styret der Svein Lundevall vart formann og Ingvald Ulveseth nestformann. Lundevall vart beden om å stå for den formelle skipinga og det skjedde som kjent 13. mars. Det første halvåret fungerte Tore Eriksen og underteikna som sekretærar for styret, fram til Kåre Kalstad tok til som den første direktøren i oktober 1985.

Arbeidet med å skaffe midlar til grunnfondet minnest eg som kjekt og utfordrande, med mange gode opplevingar og nokre nedturar. Det var også mykje arbeid med bruk av skrivemaskin utan klypp og lim-funksjon. Det var Bjørg Haukereid, den andre personen i sekretariatet for Høgskulestyret, som hadde denne delen av jobben. (Ho søkte seg seinare over til Vestlandsforsking og har vore der alle 25 år. Det har også Anne Lise Skaar, som òg hadde bakgrunn frå sekretariatet til Høgskulestyret.)

Det vart tidleg klart at Kommunaldepartementet var viljug til å gje eit bidrag like stort som det vi klarte å samle inn lokalt, avgrensa til 2 mill kr. Vi sendte i første omgang ut ein plan for korleis dei 2 millionane skulle skaffast til veges. Denne planen måtte vi seinare justere fleire gonger, ettersom det kom ja- og nei-reaksjonar. Responsen var i hovudsak svært positiv.

Det aller første tilslaget kom frå ÅSV med 300 000. Det å ha eit så stort bidrag å slå i bordet med fungerte som ein døropnar i forhold til mange andre miljø. Etter tur kom alle sparebankane (500 000), forretningsbankane (200 000), kommunane (350 000) og Fylkesbåtane, Norsk Hydro og Sogn og Fjordane energiverk – alle med 100 000. Fylkeskommunen ytte 300 000.

Kommunane var eit kapitel for seg. Dei vart utfordra på å løyve kr. 3 pr. innbyggjar. I første omgang sa alle kommunestyra ja utanom tre, men desse tre snudde seinare.

Det er og interessant å sjå kven som sa nei. Alle 11 oljeselskapa som vart utfordra, var i denne gruppa. Rett nok skal seiast at særleg Statoil seinare finansierte verdfulle prosjekt, slik dei nemnde i avslaget i 1984 at dei ville gjere. Wiggo Hustad var ein av dei som nytte godt av dette i arbeidet med doktorgraden som vart avslutta i 1998.

Ei anna gruppering som takka nei var forsikringsbransjen. Det er nærliggjande å spørje kvifor ein bransje som gjer det så godt ikkje kan yte til eit slikt føremål, slik bankane gjorde. Ei delforklaring er venteleg at kontora her i fylket neppe er eigne juridiske einingar, slik bankane er. Men eg tykte aldri at dette var ei fullgod forklaring.

Kåre Kalstad og Bjørg fullførte jobben og då særleg opp mot private bedrifter over ein viss storleik. Dei med inntil 10 tilsette vart utfordra på 1000 kr. Vidare var utfordringa slik – 2 500 for 11-20 tilsette, 5 000 for 21-30 tilsette, 10 000 for 31-40 tilsette og 20 000 for meir enn 40 tilsette. Det kom inn 84 500 kr på denne måten, fordelt på 17 verksemder. I tillegg kom det tilskot frå sju fagforeiningar og til saman vart det då samla inn kr. 2 041 000,- i fylket. Medrekna bidraget frå Kommunaldepartementet vart grunnfondet difor på kr. 4 041 000,-. Rentene frå fondet synte seg seinare å vere gode å ha, særleg i tronge tider.

EF-databasen
Det begynte med at underteikna skreiv eit idénotat i august 1988. Dei innvigde hugsar sikkert kvar eg var då idéen kom dalande. Notatet var på fire sider og det heiter m.a.:
Det er eit opplagt behov for å etablere ei form for sams informasjonsorganisasjon der dei som etterspør kunnskap kan vende seg. Det vil vere upraktisk om det vert etablert fleire slike organisasjonar. M.a. vil ein då få eit problem med samordning/overlapping.”

Hausten 1988 var det diverse møte med statsrådar og statssekretærar  i ulike departement. Statssekretærutvalet for EF-saker sette ned ei embetsmannsgruppe som vart beden om å vurdere innspelet opp mot styresmaktene sitt eige informasjonsbehov.

Medio august 1988 formulerte alle politiske parti fylket, med unnatak av RV, ein støtteuttale. Det vert m.a. vist til stortingshandsaminga av St.meld. 61 (1986-87) Norge, EF og europeisk samarbeid. Statsminister Gro Harlem Brundtland uttalte i debatten m.a.: ”Vi vil særlig legge vekt på det utadvendte informasjonsarbeidet.” Dei politiske partia meinte at ”Lokaliseringa av hovudsenteret til Sogndal vil vere praktisk og fagleg gjennomførleg og politisk klokt.”

I desember 1988 vart det utarbeidd eit omfattande prosjektframlegg der ein m.a. òg går inn på teknisk organisering. Seinare går saka fram og tilbake mellom ulike instansar. Kortfatta kan ein vel seie at ideen om eit informasjonssenter for EF-saker lagt til Sogndal hadde forholdsvis tydeleg politisk støtte, mens nokre sentralt plasserte fagmiljø var klart negative, både av di dei var tvilande til at det ville vere mogleg å byggje opp noko slikt i vetle Sogndal, men òg av di dei sjølve var interesserte i å komme i posisjon. Enden på det heile vart at Vestlandsforsking vart eit av fem EU-informasjonssenter og at det ikkje vart peikt ut noko klart hovudsenter.

I 1989 tildelte DU kr. 600 000,- til arbeidet i etableringsfasen. Eg sit med inntrykk av at desse midlane vart eit fundament for den kompetanseoppbygginga i forhold til EF/EU som skjedde i Vestlandsforsking på denne tida og at dette har vore viktig i høve dei mange suksesshistoriane knytt til søknader til EU-systemet.

Elles har eg lyst til å utfordre Terje Aaberge/Ivar Petter Grøtte til å skrive ein blogg om historia til  informasjonssenteret. På landsbasis vart oppgåvene til slike sentra overførde til Innovasjon Norge i 2006. Historia til informasjonssenteret  fortel m.a. interessante ting om den teknologiske og informasjonsmessige utviklinga i samfunnet.

Bjørn L. Tønnesen